26. november er det 75 år sidan lasteskipet ”Donau” la frå kai i Oslo med 532 norske jødar om bord. Resten er røyk og aske.

Tidleg om morgonen 26. november for 75 år sidan gjennomførte det norske Statspolitiet og lokale lensmannskontor med ryggdekning frå NS og tysk okkupasjonsmakt den siste massearrestasjonen av norske jødar. Aksjonen var grundig planlagt; menn, kvinner og barn blei frakta frå samleleirar eller direkte frå heimane sine til Filipstadkaia i Oslo der lasteskipet «Donau» venta. Om bord på skipet tok tyske SS-vakter kommandoen. Målet var Auschwitz. 532 av totalt 770 deporterte norske jødar var under vegs mot utryddinga. Berre 30 kom levande tilbake.

Men lenge før denne katastrofale dagen hadde NS-regjeringa iverksett tiltak mot dei norske jødane gjennom ekstrem lovgivning og ulike forordningar etter tysk mønster. Frå januar 1942 blei alle jødar innkalte og fekk stempla ein J i passa sine, det blei utarbeidd eit jøderegister, innført yrkesforbod, og Hird-ungdom trakasserte jødar og gjorde hærverk mot jødiske butikkar utan at dette førte til straffeforfølgjing. Mange jødar såg kor dette bar hen og kom seg over til Sverige.

Les flere meninger på lokalavisas debattsider hitra-frøya.no/meninger

26. oktober 1942, ein månad før deportasjonen, vedtok NS-regjeringa «Lov om inndragning av formue som tilhører jøder». Samme dag blei mannlege jødar over 15 år arresterte og plasserte i samleleirar rundt omkring i landet. Vidare, og seks dagar før deportasjonen, vedtok NS-regjeringa å opprette «Likvidasjonsstyret for inndratte jødiske formuer». Jødiske heimar, bedrifter og butikkar blei sett på som konkursbo eller at verksemda var nedlagt. Dermed var det fritt fram for NS-medlemmar å forsyne seg og berike seg frå beslaglagt jødisk eigedom i Norge. Dei norske nazistane vedtok med andre ord lovar og forordningar som legaliserte planlagte bortsverk og overgrep, på tvers av grunnleggjande prinsipp i rettsstaten og i strid med Folkeretten. Etter krigen blei dei stilte til ansvar i landssvikoppgjeret.

Til alle tider har jødar vore ein torn i auget for det borgarlege Europa, og opp gjennom historia har det vore ei utstrekt forfølgjing og trakassering av denne folkegruppa, ofte ut frå religiøse og kulturelle motiv der kristne sette seg til doms over jødane. Jødane var dessutan definerte som eit samfunnsproblem, og da nazismen storma fram frå 1933, opna det opp for radikale løysingar, først som ein farsott i Tyskland, seinare over heile det tyskokkuperte området.

Tanken om deportasjon til Madagaskar blei lufta utover 1930-talet; blant andre gjekk NS-ideologen og antisemitten Haldis Neegaard Østbye inn for dette i pamfletten Jødeproblemet og dets løsning (1938), skrive under psevdonymet Irene Sverd og utgitt på nytt i 1943 på naziforlaget Kamban med tittelen Jødens krig.

Men da krigen kom, blei Madagaskar uaktuelt. Løysinga måtte finnast i Europa, ikkje berre løysinga, men die Endlösung som blei skissert på den strengt hemmeleg Wannsee-konferansen i Berlin 20. januar 1942 med SS-toppane Himmler, Heydrich og Eichmann som sentrale aktørar. «Estland Judenfrei» kunne Eichmann rapportere til konferansen, for det heile var godt i gang gjennom SS sine mordarbandar som herja vilt over heile det okkuperte området i aust etter angrepet på Sovjetunionen sommaren 1941. Fram til Wannsee-konferansen i var allereie ein million jødar likviderte i austområda.

Haldis Neegaard Østbye hadde heilt frå Nasjonal Samling blei stifta i 1933 eit tett og nært samarbeid med Vidkun Quisling. Ho hørte til den indre kretsen i partiet og hadde fram til krigen sentrale verv både i propagandaapparatet og som leiar av Kvinnehirden. Da krigen kom, mista ho alle verv, men den tette kontakten med Quisling heldt fram, og 7. oktober 1942 sendte ho eit personleg brev til Ministerpresident Quisling med adresse Slottet. Her tar ho opp hjertesaken sin: «Ang. jødespørsmålet.»

Det er eit firesiders maskinskrive brev så rasistisk tarveleg og skamlaust og gjennomsyra av ondskapens banalitet at ein enda i dag får frysningar ved å lese det. «Den endelige ordning må bli radikal og usentimental», skriv ho med det som ligg under ein slik ordbruk, og ho skisserer ulike tiltak, ja, ho blir til og med personleg når ho skriv om ein jødefamilie i nabolaget: «… en jøssing, en alminnelig sjappejøde, gift med en jødinne og har 3-4 frække jødebarn som har forgiftet de andre barna her oppe med sitt hat til NS og tyskerne.» Og ho skriv vidare: «Det er det samme med dyrene. De skal drepes raskt og smertefritt, ikke seigpines. Det bør vel også gjelde jødene.»

Men det er meir i dette brevet, for mot slutten tar ho opp forholda ved Austfronten: «Jeg synes heller ikke det er riktig at unge SS menn, menn av nordisk blod, brukes som b ø d l e r, - til å skyte jødiske kvinner, barn og oldinger. Det skulde man overlate til russerne eller asiatiske folkeslag, som mer enn gjerne vil ta hevn over sine plageånder. At kanske også  n o r s k e gutter brukes til slik bøddeltjeneste finner jeg forfærdelig.» Ho vaskar hendene slik også Pontius Pilatus gjorde det etter å ha overlate til mobben å dømme Jesus til døden.

26. november 1942 er ein viktig dato i norsk historie fordi den skal minne nye generasjonar om kva som kan gå gale når feil personar finn saman i ein ideologisk sump og eit politisk-militært maktapparat som ikkje skyr noko middel for å nå dei måla dei higar etter. Slike menneske styrte Norge under krigen, målretta rasistiske, kyniske og livsfarlege for dei som stilte seg i vegen for dei eller per definisjon sto i vegen slik «3-4 frække jødebarn» gjorde det for Haldis Neegaard Østbye.

Etter 26. november 1942 fekk ho vere i fred for dei.

Oddmund Hagen