I fleire avisinnlegg i det siste har kommunestyrerepresentantar og andre slengt på utsagn om SV sine synspunkt og roller i ulike saker. Eg kjenner meg ikkje igjen i desse.

Derfor desse linjene.

Som kjent har Arbeiderpartiet fleirtal aleine denne perioden. SV har ein representant i kommunestyre og verv i utvalg, men er ikkje med i formannskapet. Vi vart etter valget invitert til å delta i gruppemøta sammen med Arbeiderpartiet, og sa ja til det. Dette fordi vi ser det som nyttig å ha mest mogleg informasjon om bakgrunn for saksframlegga, og at vi har tru på at våre grunngjevingar også kan bli høyrt og påvirke forslaga som blir lagt fram for kommunestyret. Vi har ikkje nokon avtale med Arbeiderpartiet om enighet og er ikkje noko gissel. Om Arbeiderpartiet oppfattar oss som deira «sosialistiske alibi» får dei evt svare for sjøl.

Så til enkeltsakene.

Planen som omfattar framtidig skolestruktur og behov for utbygging av eksisterande bygg er ute til høyring og fortsatt ikkje behandla i kommunestyre. Vi har styrevedtak på at vi ikkje ønsker å endre grensene, men har ikkje hatt behov for å flagge dette i media. Vi står ved vedtaket når saka kjem opp.

Når lokalisering av ny brannstasjon var til behandling hadde vi styrevedtak på at vi gjekk for «Hamostomta», av omsyn til dei andre bygningane på Siholmen, dvs av estetiske/arkitektoniske årsaker. Vi bind ikkje representantane våre, og i denne saka kom det fram informasjon i gruppemøte og kommunstyremøte som vi har erfart førte til einstemmig vedtak for Siholmen.

FLERE MENINGER HER

Det siste som SV blir skulda for å medvirke negativt til er saka om valg av tomt for nytt helsehus og omsorgsboligar. Vi har ikkje «sammen med Ap» gått for Herredshustomta. I styremøte mandag kveld , før kommunestyret , vedtok vi å gå for utsetting av saka, vi hadde ikkje godt nok grunnlag til å evt ikkje fortsatt stå ved bygging på Beinskardet. I formannskapet dagen etter vedtok dei det samme. Saka forventes kome opp igjen i neste møte.Vi avventer innspel frå fagfolk i pleie-og omsorg og ytterlegare informasjon mht planar for sentrum og økonomien i alternativa.

Det er positivt at mange er engasjerte. Og svært positivt at vi får fokus på byggeskikk, kulturvern og landskapsvern. Det gir håp om at administrasjon og politikarar i framtida har meir fokus på dette, fordi dei har «støtte i folket».

Kanskje engasjementet også kan føre til at flere seier ja til å stille på liste ved neste kommunestyrevalg? Levande demokrati er avhengig at at innbyggarar stiller til valg og brukar tid på førebuing og møter også om saker som ikkje vekker så mykje følelsar som dei som har vore i media i det siste.

Eli Crozier,

leiar Frøya SV