I år er det 500 år sia reformasjonen, og Folkeakademiet Frøya og Frøya bibliotek markerer jubileet med eit foredrag av Hans Olav Brendberg på Frøya bibliotek torsdag 11. mai.

95 teser på kirkedøra

31. oktober 1517 slo ein tysk augustinarmunk og professor opp 95 setningar på latin på døra til slottskirka i Wittenberg. Oppslaget var meint som eit debattinnlegg mot avlatshandelen, med det drog i gang ei bevegelse som førte til ei varig splitting den vestlege kristenheita. Martin Luther var mannen som hengte opp skrivet og kløyvde Europa. Han var villig til å gå på bålet for sanninga.

Frå det nystarta universitetet i Wittenberg tala han Paven midt imot – og kom ifrå det med livet. Det var det mange som ikkje gjorde, mellom andre Jan Hus, som vart brend i 1415. Den første moderne europearen. Martin Luther kan seiast både å vera det siste middelaldermennesket og den første moderne europearen.

Han var den første som utnytta den nye informasjonsteknologien: boktrykkekunsten. Blypressene gav ideane hans venger, og Luthers skrifter var det mest spennande nye på alle bokmesser.

Brendberg er klar på at Luther er ein av hans store heltar.

– Luthers forord til Samla skrifter frå 1545 er ein av mine favorittar når det gjeld å forstå kva intellektuelt arbeid er, seier han, og skriftet «Om fridommen til eit kriste menneske» er ei glitrande perle.

Hans Olav Brendberg er lærar på Sørburøy skole. Han har tidlegare halde foredrag i Folkeakademiet om ein annan av sine heltar: Paulus.

- No er vi spent på å høre kva han har å fortelje om reformasjonshelten sin, Martin Luther. Luther som salmediktar. Martin Luther var òg ein stor salmediktar. I Norsk salmebok er det 13 salmetekstar, 4 oversettingar og 10 melodiar som skriv seg frå han. Vi får framført eit par av dei – eller vi framfører dei sjølv, forteller  Johan G Foss fra Folkeakademiet Frøya og Monika Kopaczek-Styczen fra Frøya bibliotek.