Meninger

- Gran på avvegar

Meninger

«Granskog er heimsleg» skriv Tarjei Vesaas i diktet «Snø og granskog», og for Vesaas med sitt innlandshjarte var dette noko som låg i blodet.

Men sjølv om eg har bodd på Austlandet i nær 40 år, blir dette likevel ei sanning med modifikasjonar, for eg har vakse opp utan granskog, og eg har i alle år søkt tilbake til eit kystlandskap fritt for gran.

Skjønt fritt for gran var det vel ikkje. Ei og anna tustegrana kan eg minnast frå oppveksten, spreidd naturleg og utan særleg vekstgrunnlag i skrinn myrjord ute ved kysten før eitt eller anna departement, ein eller annan bondeorganisasjon, ei eller anna tilskotsordning gjorde det mogleg å plante sitkagran i kvar ei bergsprekk, i kvart eit myrsøkk, i kvar ei vik, på kvar ein holme og på kvar ei øy langs heile kysten. Slik fekk vi sitkagrana til Hemnskjela, og eg var sjølv med og planta.

Mine ungdomssynder for over 50 år sidan slår no tilbake slik naturen alltid slår tilbake, og mens åra gjekk og grana vaks, forsvann leia ut av synsfeltet, naustet blei borte bak ein grønn vegg, fjæra såg eg heller ikkje, berre stykkevis og delt. Dette heitte leplanting ein gong i tida, men etter kvart hamna vi i le for alt, både utsyn og innsyn.

Flere meninger finner du her

Det var naboen tvers over vegen som meinte at nok er nok, og vi spurte grunneigaren om det var greitt med felling og sløying og kapping til ved. Det var tommel opp; det var motorsag og øks, det var bål og brann med greiner og kvist; det var alt som skulle til for at vi tok landskapet tilbake slik det såg ut den gongen eg var liten unge i dette eg alltid vender tilbake til.

Og brått var leia der igjen, heile fjæra og Hagabukta, naustet. Det var framleis raudt slik eg meiner det var sist eg såg det. Og eg sender ein tanke til gamle Tarjei, for innlandshjartet og kysthjartet slår vel i samme takt når ein set stetoskopet til brystet, berre på ulik frekvens…

Oddmund Hagen