Meninger

- Vindkraftutbygging – har vi mista perspektivet?

Meninger

Motstanden mot vindkraftutbygging har vore stor på Frøya. No rykkar utbygginga nærmare, raskare enn mange av oss har trudd. Vindkrafta i ferd med å bli lønnsam. Det gir ein ny situasjon som kan opne for gigantiske utbyggingar langs kysten og enorm kraftproduksjon – og for ei nedbygging av urørt natur som er utan sidestykke i historia.

Brestfeldig argumentasjon

Argumentasjonen har vore halt på begge sider. Når vi har meint at vindkraft ikkje er lønnsam, er det ut frå ein straumpris basert på norsk vasskraft og europeisk kolkraft. Men vi kan ikkje bruke den billege kolkrafta som argument for at vindkrafta er dyr og ulønnsam. Kolkraft skal og må fasast ut.

Når kraftprodusentane no finn at vindkraft er lønnsam, er det mellom anna fordi dei slepp å betale for det enorme forbruket av ein av våre sentrale eingongs-ressursar – urørt natur og naturlandskap.

Kvar ligg vindkrafta i løypa, og kva har vi i vente?

Den følgjande oversikta bygger på ein artikkel av Jon Hustad i Dag og Tid 2.11.2018.

Sjå til England

Vindkraft er ustabil kraft, og skal vindkraft byggast ut, må ein vanlegvis også bygge ut annan kraftproduksjon som er stabil, og mellom desse må ein ha eit kraftig straumnett.

Mot åtvaringar frå samfunnsøkonomar begynte den britiske staten å subsidiere fram vindkraftutbygging på det skotske høglandet. Men kraftnettet vart ikkje bygd ut i same grad, og har ikkje greidd å ta unna all straumen når det blæs som best. Kraftprodusentane får likevel godtgjort for det manglande avtaket, og sia 2010 har dei fått nær 5 milliardar kroner for ikkje å levere straum når vindmøllene yter maks.

Flere meninger finner du her

Samfunnsøkonomane foreslo at britane burde, i tillegg til å kjøpe klimakvotar – det mest effektive av alle klimatiltak – gå over frå kolkraft til gasskraft og bygge rørleidningar og kraftkablar, særleg til Noreg. Det vart også gjort. I 2016 reduserte Storbritannia utsleppa sine med 25 mill tonn karbondioksid, som tilsvarar halvparten av dei samla norske utsleppa, ved å byte ut kolkraft med gasskraft. Faktisk var utsleppa av CO2 det lægste på 120 år i Storbritannia i 2016. Norsk gass har spela ei hovudrolle her.

Men utsleppa skal meir ned. Da kjem dei planlagte kraftkablane frå Noreg inn i biletet.

Sjå til Danmark

Da oljekrisa kom i 1973, gjekk den danske betalingsbalansen brått i kraftig minus. Folketinget vedtok da at dei skulle bli så uavhengige av utlandet som råd var i energiforsyninga. Planen var å bygge atomkraft, men det ville ikkje danske veljarar ha. I staden fekk dei verdas høgste kraftprisar gjennom å bygge ut vindkraft, som var svært dyrt.

For å skaffe backupkraft bygde dankane kablar til Tyskland, Noreg og Sverige. Kablane var dyre og ulønnsame, og vindkrafta var dyr og ulønnsam. Rekninga vart velta over på forbrukarane og skattebetalarane.

Men så skjedde det noko. Dei dyre vindmøllene og kraftkablane gjorde at danskane var perfekt posisjonerte da EU for alvor begynte å satse på grøn energi. No tener danskane gode pengar på å vera knutepunkt mellom Norden og kontinentet.

Men først og fremst er Danmark verdas suverent leiande produsent av vindmøller. Vindmøller har vorte storindustri, i 2016 omsette dansk vindindustri for nær 150 milliardar norske kroner. Eksporten åleine var på 70 milliardar. Danmark tener i dag godt på vindkraft.

Men vindkraft er enno ikkje lønnsam globalt, om vi tek med utbygging av nett og reservekraft. Men takk vera danske skattebetalarar, som betaler 2,90 øre pr kilowattime for mellom anna å subsidiere fram vindkraft, har møllene vorte langt meir effektive og lønnsame.

Sjå til Noreg

Men kva land er det i Nord-Europa som har mykje magasinkraft i kombinasjon med eit nytt og stort kraftnett og stadig fleire kraftkablar til utlandet, pluss svære naturområde og masse vind? Jau, Noreg.

Jens Stoltenberg var sterkt imot ein avtale om såkalla grøne sertifikat med Sverige, mellom anna fordi det måtte føre til ei massiv utbygging av det norske kraftnettet, som også forbrukarane måtte betale. Den kraftkrevande industrien er i praksis friteken for både nettleige og grøne sertifikat; nettutbyggarane er etter lova pålagde å velte heile rekninga over på vanlege forbrukarar.

EU går no inn for ein sterk auke i prisane på CO2-kvotar, og dermed også i straumprisane.

Så no står vi her: Norske, danske og europeiske forbrukarar har subsidiert nett, kraft og vindindustri så sterkt i så mange år at norsk vindkraft ser ut til å bli lønnsam, til dels svært lønnsam. Noreg produserer halvparten av Europas vasskraft, og 75 prosent av all norsk kraftproduksjon er reguleringskraft (magasinkraft). Når vinden blæs, kan vi dermed stenge ned vasskrafta og la magasina fyllast. Og når vinden ikkje blæs, kan vi sleppe vatnet rett ned i turbinane, og alt blir frakta ut på det dyre og nye kraftnettet og vidare ned til Europa og Storbritannia.

Samfunnsøkonomane og klimaaktivistane ser ut til å ha vorte einige: Noreg bør bygge ut masse vindkraft. Samfunnsøkonomane seier: Når vi først har rota vekk så mykje pengar på nytt nett og grøne sertifikat, får vi gjera det beste ut av det og eksportere så mykje som råd til så høge prisar som muleg. Klimaaktivistane seier: All fornybar kraft er bra, punktum.

Johan G Foss


(Dette er del 1 av 2)