Meninger

- Kvar ligg vindkrafta i løypa? – Del 2

Meninger

Vindkrafta er i ferd med å bli lønnsam. Det gir ein ny situasjon, som kan opne for gigantiske utbyggingar og enorm kraftproduksjon i Noreg – og for ei rasering av natur som er utan sidestykke i historia.

Storproduksjon for eksport

Statnett kom i oktober med ein rapport som regjeringa har tinga om vindkraft. Overskrifta er: «Stort potensial for vindkraft i Norge». Ingress: «Statnetts analyser tilsier at det er mulig å bygge ut vesentlig mengde ny vindkraft i Norge, uten å gi behov for nye større ledningsinvesteriner.» Konklusjon: «Dette gir i utgangspunktet en betydelig lønnsomhet for vindkraft uten subsidier.»

I Sør-Noreg åleine trur Statnett at det kan byggast ut ny lønnsam vindkraft på opptil 45 TWh. Normalproduksjonen i Noreg er i dag 139 TWh.

Allereie før denne produksjonen kjem på plass, vil overskotet av kraft i den integrerte nordiske kraftmarknaden truleg auke frå 5 TWh i 2016 til 27 TWh i 2030. På toppen av dette kan altså Sør-Noreg åleine produsere opptil 45 nye lønnsame TWh frå vindkraft. Det aller meste av dette vil komma på Vestlandet.

Nord-Noreg kjem i same perioden til å få eit stort kraftoverskot og dermed låge prisar, sidan svenskane har bygd ut så mykje vindkraft i Nord-Sverige. Det noverande og planlagde nettet vil ikkje ha kapasitet til å ta denne krafta ut i Europa. Men blir det bygd nytt nett mellom Sør- og Nord-Noreg, blir historia ei anna. Om det derimot ikkje kjem nytt nett, ser Statnett for seg at Nord-Noreg vil bli ein svært attraktiv plass for kraftkrevande industri.

Statsnetts rapport «Økt vindkraftproduksjon og virkninger i transmisjonsnettet» kom 11. oktober. Statnett har sett på flyten i kraftnettet, flaskehalsar og energitap i nettet ved ulik geografisk plassering av vindkraft i Noreg. Rapporten inngår som ein del av det oppdraget NVE har fått fra departementet om å finne eigna område for utbygging av vindkraft på land. 

 

Blir all denne vindkrafta bygd ut?

Vestlendingane som skal produsere det meste, treng ikkje denne krafta. Dei har alt eit massivt kraftoverskot. Men slik tenkjer neppe staten. Det er NVE, altså staten, som er saksbehandlar for vindkraftkonsensjonane. Kommunar kan seie nei, men dei er berre høringsinstansar, og dei fleste kjem nok til å seie ja, sidan vindparkar kan gi masse eigedomsskatt.

For staten er dessutan eksportinntektene freistande. Om Statnett har rett i at kraftprisen på kontinentet blir 45 øre pr kWh, og vi går ut frå eit krafttap på 10 prosent ved eksport, kan 45 TWh gi ein potensiell eksportverdi på over 18 milliardar kroner.

Det blir nok vanskeleg å stå imot utbygging av vindkraft dersom ho blir lønnsam. Vindkraft vil skape arbeidsplassar i distrikta, ho vil vera bra for klimautsleppa i EU, og kommunane, staten og eigarane kan tene store pengar. Som EnergiNorge, interesse-organisasjonen for kraftselskapa, skriv på heimesida si: «Det naturgitte potensialet for vindkraft på land i Norge er enormt, og det er derfor slik at det i praksis er manglende etterspørsel etter mer fornybar energi i Norge og begrensede eksportmuligheter som begrenser videre utnyttelse av disse ressursene.»

Sagt i klartekst: Berre kablane til Storbritannia og kontinentet kjem på plass, vil vi bygge ut. Og kablane kjem.


 

Allereie no har Noreg dei lågaste utbyggingskostnadene på nye vindmøller i Europa, om vi skal tru NVE. Og kostnadene skal vidare ned. Det er dessutan ikkje berre NVE som trur på norsk kraft utan subsidiar. Det gjer òg investorane. Kommunikasjonssjef Stian Mathisen i det store finske kraftselskapet Fotturn, som driv storstilt vindkraftutbygging i Noreg, seier dette til Teknisk Ukeblad: «Vi er på jakt etter flere slike prosjekter i Norge, for anleggene vi bygger her er noen av de mest effektive i verden. Effekten er egentlig helt utrolig, det er en helt spesiell vind som kommer opp fra Atlanterhavet langs kysten.»

Konklusjon: Vind greier seg utan subsidiar og blir dermed samfunnsøkonomisk lønnsam – om ikkje samfunnsøkonomane set ein kostnad på tap av urørt natur.

Korleis det enn forheld seg, så vil kraftproduksjonen i Noreg ikkje tape på klimaendringane. Det blir meir regn og meir vind på Vestlandet. Dermed tener vi både på tiltak for å bremse temperaturstiginga og på klimaendringane som likevel kjem.

Har vi mista perspektivet?

Så langt Jon Hustad. Han kjem med opplysningar som kan skremme vatnet av alle som har tanke for natur.

Men er ikkje dei svære mengdene norsk vindkraft godt nytt for den feberheite jorda vår? Jau, men vi kan ikkje helbrede jorda med å rasere naturen på ho. Det er jo naturen og livsmangfaldet på jorda, livsgrunnlaget og livskrafta vi skal berge. Dei siste tiåra har jorda vorte kraftig tappa for liv og livsformer – plantar, dyr og mikroorganismar. Hovudgrunnen er at tap av leveområde. Vindkraftutbygginga kan komma til å sette alle andre naturinngrep i Noreg i skuggen.

FLERE MENINGER FINNER DU HER

Situasjonen minner om den Winston Churchill kom i da det under krigen vart foreslege å ta pengar frå kunstfondet til militæret. Til det skal Churchill ha svara: «Then what are we fighting for?»

Mistar vi perspektivet, kan det skje at vi for å skaffe rein og fornybar energi, i første omgang satsar på den energiforma som gir størst skade på det vi vil berge, i staden for å begynne med det som skadar minst. Energieffektivisering peikar seg naturleg ut som det første store satsingsområdet, med enormt potensial, og så solenergi. Og så vindkraft.

Johan G Foss