Meninger

- No marknadsføres park som det nye Paradis som skal gjera Det grønne skiftet mulig

Meninger

Parken.


Der eg vaks opp hadde vi ingen park. Her var det  bratte berg  og skog og fjord.

Det var leikeplassar for ungar som utfordra oss og gjorde oss til den vi har blitt.

Men altså ingen park.

Første gong eg såg ein park var  tidleg på sekstitalet da eg var med svogeren min til Trondheim og fekk sjå Ilaparken. Det var midtvinters og skøyteis i parken.

Svogeren min jobba på Fosenferga og hadde fortalt meg om dette vidunderet av ein stad.

I Ilaparken var det statuar av kjente folk og skøyteis. Vi smågutane frå Fosen trok gjerne turen med Fosenferga berre for å gå på skøyter i Ilaparken. Skøyteis på Fosen var ein livsfarlig leik på dårlig fjordis. I Ilaparken kunne dei vaksne væra trygge for oss. Der var det ingen risiko for å ende på havvets botn ilag med torsken og krabben.

Seinare fekk eg sjå at parken sommarstid var full av blomster og busker. Av og til var det musikk der og. Ein verden som var som eit paradis for ein gutunge frå Fosen.

No  har ordet park igjen dukka opp.

Dei siste åra er det ordet vindpark som gir begrepet meining. No marknadsføres park som det nye Paradis som skal gjera Det grønne skiftet mulig.

Die grune Wende på tysk. Det nye politiske honnørordet. Ingen politikar med respekt for seg sjøl og framtida kjem unna dette ordet.

Kraftutbygging basert på vind som skal gjera oss uavhengig av fossil energi. Som blir sukra med ordet park.

I Trøndelag dukker stadig nye parker opp. Kort tid etter at Smøla avvikla sin park  på grunn av utslitte turbinar, fylles stadig fleire fjell med turbinar. Eller parker om ein vil.

Smøla er fylt med asfalterte vegar som ikkje skal brukast meir fordi den såkalte parken avvikles. Eit ukjent antall fugl har mista livet dei åra parken har vore i drift. Ørneforskara har gitt oss tala på døde ørnar gjennom sin forskning.

Her på Fosen er det snart ein samanhengande vindpark frå Valsneset i Bjugn til innløpet av Namsenfjorden. Reiser du sjøvegen ser du parkane som strekker seg frå havkanten til milevis innover landet med 150 meter høge turbinar.

Politikara i fattige utkantkommunar lyser opp ved etableringa av desse parkane. No skal dei få gjennomført kommunale tjenester som aldri før!

Dei siste dagane fekk vi nyheita om at vi får fire parker til i landsdelen.

Denne gong er det Frøya, Selbu , Osen/Flatanger og Vikna/ Nærøy på Hundhammarfjellet som får herligheita.

På Frøya er folk igang med å reise kraftig motstand. Der ute er kommunen så pengesterk at ordføraren ikkje snakker om kor mykjy dette skal styrke dei kommunale tjenestene. Frøya fekk som kjent vel hundre millionar i uforutsett gave frå Havbruksfondet i haust så der ute går det bra utan ny park. Frøyværingane er heller ikkje så fattige at dei tar til takke med småpengar.


- Vi kan ikke gi oss før de står der... og ikke da heller

Kan bli sivil ulydighets-aksjoner mot vindkraftutbygger

 

Osen/Flatanger ser som kjent fram til betre kommunale tjenester. Der nord på Fosen står det dårligare til med økonomien. Det blir det betre stemning av. Det forholdsvis avgrensa parkområdet på Sørmarkfjellet har til og med reinsamane der nord kompromissa med.

I Selbu er grunneigara og kommunen godt fornøgde med den nye parken i fjella sine.. Men dei fekk ikkje hundre millionar frå Havbruksfondet  der oppe etter det eg veit.

Det eg derimot veit er at det også i Selbu er ei lita sørsamisk befolkning som har sagt sitt om tap av beite og andre konsekvenasr av den nye parken. Utan at dei har fått særlig avgjerande gjennomslag for synspunkta sine.

Trønderenergi og tysk storkapital ved Stadtwerke Munchen skal  også her skape det grønne skiftet på sørsamisk grunn.


 

I Vikna/Nærøy vart turbinane demonterte på Hundhammerfjellet da det viste seg at heile prosjektet var ulønnsomt. Der har NTE hatt vindkraftpark gåande lenge utan suksess.

Korleis det vil gå når dette prøves på nytt er enno ukjent. Men felles for alle parkane er at entreprenørane gnir seg i hendene igjen for å ta fatt på parkane. Sjøl om anbudskampen om milliardane blir hard. Og drifta av parkane er forventa ulønnsomme. Men den som har ein park kan sjøl bestemme prisen på inngangspengane. Om det viser seg at investeringane var for dyre. Da får den  som er avhengig av energi betale for gildet. Det er du og eg.

Tilbake står store parkområder av trøndersk natur rasert.

Roar Børø
Råkvåg
Indre Fosen

Les flere sterke meninger på våre debattsider