Meninger

- Frøya SV står ved sitt nei til vindmøller på Frøya

Meninger

Frøya SV stemte i mot å gi konsesjon til vindmøller på Frøya, til tross for knapt fleirtal for i rådgjevande folkeavstemming.

Dette er fortsatt standpunktet vårt.

Ola Vie, vår mann i kommunestyre, og vara Eskil Sandvik , er aktive ved kvart høve for å påvirke via demokratiske prosessar, jfr høyring nyleg, og i aksjonsgruppa mot vindkraftutbygging på Frøya.

Vi heier på dei !


- Vi kan ikke gi oss før de står der... og ikke da heller

Kan bli sivil ulydighets-aksjoner mot vindkraftutbygger


SV prioriterer tiltak for å stanse klimaendringane, stoppe utryddelse av planter og dyr og redusere presset på våre felles ressursar. Vi  kjempar for å vri investeringar frå fossil olje til nullutsleppsløysingar i næringslivet, fornybar energi, kollektivtrafikk og framtidsnæringar som fiskeri og havbruk.

Norge har fornybar energi frå vasskraftverka våre . Denne kan effektiviserast betydeleg ved teknologiutvikling utan nye naturinngrep. I tillegg blir det behov for å satse på nye former for fornybar energi, som biodrivstoff, biogass, geoenergi, solenergi og havvind. Også vindkraft på land.

Men, vi meiner det må stillast strenge krav mht naturinngrep.

Flere meninger finner du her

Først no til våren blir det lagt fram ein nasjonal plan som forsøker ivareta dette. Hadde denne vore på plass før konsesjonssøknaden på Frøya vart behandla, er det gunn til å tru at vårt flate kystlandskap med sårbar natur ville blitt skjerma.

For Frøya SV er det ingen motsetnad mellom å satse på fornybar energi og kjempe mot vindkraftanlegg på Frøya.


Eli Crozier

leiar Frøya SV