Meninger

- Øyrekka vart berre brukt til å selja inn prosjektet på fast-Frøya, og sidan gløymd

Froan  Foto: Bjørg Støen

Meninger

Ope innspel til Frøya kommune om opplevingssenter, Komopp og Froheim

Eg les i ulike lokalmedia at kommunen no er usikker på kva ein skal gjera med eit nedslite «opplevingssenter» i kulturhuset, og dei forholdsvis høge kostnadene som er knytte til gjenoppbygging og vedlikehald av skjermar og innhald. Det blir også presentert ulike tankar om korleis ein kan reisa midlar til investeringsføremål på kulturområdet, og i samanheng med det vil eg gjerne spela inn eit motframlegg til dei som er skisserte til no.

Kulturhuset på Frøya vart realisert i si tid, inkludert eit opplevingssenter med innhaldspakkar frå øyrekka gjennom KOMOPP-prosjektet. Det var ein del av plana den gongen at dette skulle vera Frøya-delen av eit todelt prosjekt som også omfatta eit mindre senter på Sørburøya, knytt til verneområda i Froan og omtalt som «Froheim»-prosjektet. Men då Sistranda og diverse konsulentar og fagmiljø hadde fått sitt, vart planene for Froan forbigåtte. Øyrekka vart berre brukt til å selja inn prosjektet på fast-Frøya, og sidan gløymd.

Froan  Foto: Bjørg Støen

 

No er det likevel skjedd noko sidan den gong. Med regulering i arealplana av eit område på Sørburøya for eit Froheim-anlegg som kan veksa med tida, ser eg det som opplagt at tida er komen til å starta eit utbyggingstrinn på Sørburøya, endeleg.

I mellomtida har også selskapet Froheim opparbeidd ein eigenkapital med tanke på anleggsstart, etter ein fantastisk bygdedugnad i samband med igangsetjinga av Ocean Farm. Det kan umogleg vera slik at dei neste investeringane kommunen gjer på feltet skal gå til kulturhuset på Frøya ein gong til, utan at ein stikk spaden i jorda i øyrekka!


Ønsker 35 mål til eksotisk senter

Skisserer senter med hotell og undersjøisk restaurant

 

Eg må vedgå at det har vore til dels underhaldande å sjå i media dei skissene til eit Froheimsenter som kreative sjeler har laga, sikkert for god betaling. Det er ikkje spart på korkje undervassrestaurant eller romstasjonsaktige ventilasjonsrøyr til opphaldsrom. Det tente i alle fall til å visa bruksmoglegheitane til det området som er sett av til føremålet, og har vekt ei viss merksemd.

Diverre er skissene nokså fjernt frå det nøkterne og jordnære initiativet det starta med den gongen lokalbefolkninga her ute jobba med idéen og bar han fram. Jamvel skuleungdommar la konfirmasjonspengar i Froheim i håp om at kommunen og Salmar skulle halda sine lovnader rundt «satelittsenteret til kulturhuset» også.

FLERE MENINGER FINNER DU HER

Det som står i mine gamle notat frå folkemøta legg meir vekt på å utvikla eit påbyggbart prosjekt der ein i fyrste omgang fekk bygd eit presentasjonsrom som kunne husa møte og grupper av ymse slag, samstundes som det var utstilling og informasjonssenter for Froan der natur og samfunn vart presentert av vernestyresmaktene, kommunen, forskningsmiljø og lokalbefolkninga sjølve gjennom kart, tekstar, bilete, informasjonsskjermar og brosjyrar, som eit utgangspunkt for utandørs-opplevingane når ein besøker øya, dreg ut på sjøen og får mat og overnatting på staden.

Ulike tema vart spela inn, som vernekategoriane i Froan, artane ein særskild vil ta vare på gjennom dyrelivsfredninga, vegetasjonskart, villsau og kystheilandsapet, lokalhistorie frå dei gamle fiskeria og væreigartida fram til moderne lakserøkt, kystfyra, befolkninga og historia til fiskemottaka, kapellet, skulane, butikkane og liknande, Rolf Nordhagens etablering av faget plantesosiologi gjennom avhandlinga «Plantevexten på Froøerne og nærliggende øer», tradisjonsmat og kanskje meir endå. Med dette i bagasjen kan folk få mykje meir ut av ein rundtur på øya og båttur i øyriket rundt.

Ved sjøen attmed har vi behov for etablering av småbåthamn med gjestehamnplassar, og eit lite servicebygg med toalett, dusj og vaskemaskin for besøkande som vil oppleva øyriket organisert eller på eigen kjøl.

Vidare såg ein for seg gradvis utbygging av enkle overnattingstilbod med rom og små husvære der kapasiteten kunne vurderast etter driftsnivå, etterspurnad og investeringsvilje. På sikt såg ein for seg eige kjøkken og serveringsstad, men i trinn éin vil ein kunna utnytta tilbodet i samfunnshuset Nordtun, som vi fekk prøvd ut for fullt dei månadene anleggsperioden for havmerden stod på. Undervassrestaurant er ikkje teke frå momentlista vår, for å seia det slik.

Det dei besøkande og øyrekka har bruk for er ein enkel og fleksibel infrastruktur som kan ta seg av det mest grunnleggande og gjera det enklare å avvikla opphald her ute for enkeltpersonar og grupper, i embets medfør og for berre gleda.

Realistisk sett vil vegen vidare bli bestemt av samfunnsutvikling og marknad, livsval og entusiasme hos einskildpersonar og ei mengd ting vi ikkje rår over i dag. Froværingar er ikkje typen til å drøyma om marmorslott og alt gratis, for slik er ikkje verda for oss. I staden bed vi om hjelp til sjølvhjelp for eit lokalsamfunn som har greidd seg merkeleg godt gjennom medgang og motgang, og som representerer mykje av det Frøya ynskjer å framstå som for resten av verda.



Line Brendberg,

frivillig froværing