Meninger

- Gratulerer med dagen!

Meninger

Gratulerer med dagen alle saman! 17. mai skal alle gratulerast: venstre og høgre, ung og gamal, studentar og arbeidarar, arbeidsledige, sjuke og friske, fattige og rike, dei som er fødde i Noreg og dei som har flytta hit frå andre land, bygdefolk og byfolk, skeive og streite, alle saman!

Trass i forskjellane våre, kan vi feire saman i dag, fordi vi kan samlast om nokre felles verdiar. Ikkje berre vaflar, brunost og fine fjell, men òg demokrati, mangfald, ytringsfridom og respekt for kvarandre. Dette er verdiar vi alle kan samlast om og feire, uavhengig av kor ueinige vi er om andre ting.

Vi kan diskutere EØS-avtalen til busta fyk, men likevel vere glad for at motparten har lov til å seie det han meiner. Vi røyster forskjellege parti ved valet, men det viktigaste er at vi har moglegheita til å røyste. Vi identifiserer oss med forskjellege merkelappar, og mangfaldet gjer det lettare å vere seg sjølv.

FLERE MENINGER FINNER DU HER

Noko av det eg verdsett høgast med dette landet er at eg kan vere meg sjølv. Eg kan vere skeiv, sosialist, feminist og so mykje meir utan at det skadar verdien av meg som menneske. Mangfald er noko av det vakraste og mest verdifulle eit land kan ha. Det gjer at vi lærar meir om kvarandre og oss sjølve. Det gir oss eit meir opent samfunn der det er lettare for alle å vere seg sjølv, uansett kven vi er og kor vi kjem frå.

Kvart år kjem debatten om vi bør godta flagg frå andre land i 17. mai-toget opp. Eit tog med flagg frå fleire nasjonalitetar syner fram det mangfaldige og fleirkulturelle samfunnet vi lever i, og det er ein fin ting. Mangfald er, som sagt, noko av det vakraste vi har, og bør difor feirast på nasjonaldagen.

17. mai er ein god dag for å sette ekstra stor pris på at vi er fødde i Noreg. Landet der vi har låge økonomiske forskjellar, har lov til å meine det vi vil, vere den vi er og landet som er eit av verdas beste å bu i. Det er fint å ha ein dag der vi kan feire landet vårt, og vi må huske kva for verdiar som bør feirast i dag.

17. mai skal vi ikkje berre veive med flagget av ei ekstrem trong til å feire oss sjølve, men tenkje over kvifor vi feirar. Lat oss nytte dagen til å samlast om dei felles verdiane våre og rope ekstra høgt «hurra» for demokratiet, mangfaldet og ytringsfridomen!


Gratulerer med dagen, ALLE saman!



Marit Voldsund Fjeldvær

Trøndelag Sosialistisk Ungdom