Meninger

- Naturen har fått verdi

Meninger

Har vindkraftaksjonistane tapt? Det har dei ikkje!

Situasjonen for eit halvt år sidan 

I desember i fjor skreiv eg eit par innlegg i Hitra-Frøya om den store utbygginga av vindkraft som såg ut til å komma. Vindkrafta var i ferd med å bli lønnsam også utan subsidiar. Det gav ein ny situasjon som kunne opne for gigantiske utbyggingar langs kysten, og for ei nedbygging av natur som var utan sidestykke i historia. Noreg hadde den beste vinden i Europa, og utbyggarar pressa på frå alle kantar. Det ville nok bli protestaksjonar rundt omkring, men det var store pengar å hente både for grunneigarar, entreprenørar, kommunar, og for staten, så utbyggingane ville ganske sikkert komma. 

Eg var skremt. Eg kvidde meg faktisk for å skrive innlegga, fordi eg ikkje kunne presentere noe håp. Naturen ville tape, den var selt.

Situasjonen i dag 

I dag, eit halvt år etter, er situasjonen ein heilt annan, takk vera det som har skjedd på Frøya. Vindkraftaksjonistane har klart å skape eit paradigmeskifte. Naturen har fått verdi, så stor at den kan stanse store utbyggingar. Det er noe nytt, både på Frøya og andre stader. Naturverdiar har sjeldan eller aldri vore tatt hensyn til ved utbyggingar. Naturvern har vore latterleggjort og naturvernarar nærmast sett på som ugjerningsmenn. Eg veit det. Eg har vore lenge med i politikken og veit kva eg snakkar om.

Nytt syn for natur og naturrasering 

No vågar eg å tru at dette har snudd. Folk har fått syn og tanke både for natur og for naturrasering. Produksjon av rein, fornybar energi er rett nok den viktigaste oppgåva menneskeslekta no står overfor. Men sjølv ikkje dette formålet rettferdiggjer slik naturrasering som vindkraftverka medfører. Vi kan ikkje helbrede den feberheite jorda med å rasere naturen på ho. Det er jo naturen og livsmangfaldet på jorda, livsgrunnlaget og livskrafta, vi vil berge!

Starte med det som skadar minst 

No vågar eg å tru at denne erkjenninga har vorte så sterk og så utbreidd at naturhensyna blir trekt sterkt inn i kraftproduksjonen. Vi kan ikkje starte med den energiforma som gjer størst skade på det vi vil berge. Vi må begynne med det som skadar minst. 

Enormt potensial i energiøkonomisering! 

Da peikar energieffektivisering seg ut som det første store satsingsområdet. Det hørest kanskje smått og puslete ut, men det er det ikkje. Ei tverrfagleg arbeidsgruppe nedsett av Kommunaldepartementet i 2009 og leia av Eli Arnstad, konkluderte med at innan 2040 kunne energiforbruket i norske hus halverast med isolering og energisparetiltak. 40 TWh kunne sparast. Kor mykje er det? Det er litt meir enn det totale forbruket av strøm i Danmark, eller produksjonen frå 2857 moderne vindturbinar, eller 61 Alta-kraftverk (Natur & Miljø 1/2019). Og energisparinga gir ingen naturinngrep. Den mest miljøvennlege energien er den vi slepp å produsere!

Solenergi peikar seg ut som det andre store satsingsområdet, også den med små eller ingen naturinngrep. Etter det som har skjedd det siste halvåret, vågar eg å tru at det blir snudd opp ned på satsingsområda, ikkje vindkraft først og energieffektivisering sist, men effektivisering først og vindkraft sist.

Naturen er truga frå mange hald 

Når kampen mot vindmøllene har opna auga på folk for naturverdiar, er det å håpe at det også gir seg utslag på andre område der naturen er truga. Naturvern har hatt tronge kår i lokalpolitikken. Svære utbyggingar med grove inngrep har vorte gjennomført utan protestar. Berre statens representant, Fylkesmannen, har komme med innvendingar, og derfor vil dei også ha fylkesmannsembetet bort. 

For kvar rullering av arealdelen av kommuneplanen blir det tatt store jafs av Frøya-naturen. Den rulleringa som no er under behandling, vil truleg gjera det største innhogget. Etter noen tiår med rulleringar og noen hundretals dispensasjonar, vil Frøya-naturen ikkje vera til å kjenne igjen. (Og enda har eg ikkje nemnt sitkagrana.)

Naturbergings-koden: LNF 

Areal-statusen LNF, «landbruk, natur og friluftsliv», legg begrensningar som mange ergrar seg over. Men nøkkelen til å berge den Frøya-naturen vi er glad i, ligg nettopp i denne statusen – LNF.


Johan G Foss