No, i Frøya-saka, ser eg interessekampen har ureint trav

Meninger

Bekymringen til kommuneoverlege Ingrid Kristiansen, deler eg mht overskriften; «… bekymret over hva vindkraftsaken gjør med lokalsamfunnet». Men der stopper vårt felles fokus.

Med respekt å melde: Frøya-saka er ei STORKONFLIKT-sak der grunnleggande VERDIAR er kjerna:

Det er LIVSSKADER vi står overfor, ikkje «berre» helseskader. Å redusere denne storkonflikten til eit spørsmål om «offer» eller ikkje, er for SMÅTT, kommuneoverlege. Vi er ikkje i Kardemomme by.

Dette handlar om Naturdrap - Kulturdrap - Demokratidrap, begått av ein internasjonal vindkraftindustri som går over lik for å gjennomføre raseringa si, rasering av både natur og menneske, støtta og pusja av styresmakter og andre allierte.

Interessene for å verne natur står opp mot kapitalinteresser der Frøya-saka er ein storkonflikt med ulik vekting. Her er TrønderEnergi maktutøvaren, overgriparen, medan motstandsgruppa har sitt verdiforankra engasjement for å bevare naturen. I utgangspunktet eit rått parti, lokalt sett. Men, nasjonalt, internasjonalt óg for den del, har Frøya blitt ei symbolsak. Ei symbolsak for at vi ALLE har naturen som utgangspunkt og forutsetning for LIVET her på jorda. Så enkelt er det! Tusenvis av vernerar følger tett på, på lik line som Alta i si tid. Det kunne lett bli 500 demonstantar også på Frøya, om det trengs…


 

Dette er krefter og interesser som raserer naturen, livsgrunnlaget vårt og alt levande sitt, og som no folk reiser seg mot. NO! Ikkje berre her til lands, men særleg her fordi naturen vår er så unik, med Frøya som noko av det MEST unike – og sårbare! Den vesle, vakre, ville øya Frøya; eg kan ikkje få sagt dette ofte nok. SYMBOLET på ein juvel! Verdensarv for menneskeslekta! Framtida UNESCO!

Slik ser virkelegheita ut akkkurat no, frå eit verneblikk.

Sett utanfrå, er denne vekas omdreiing i Frøya-saka knapt til å tru; Frå mandagens Formannskapsmøte i regi av TEs kommunikasjonsdirektør, eskortert av politi og medbrakt ein representant for «offera», med villige media på slep og politiets forbod mot ferdsel i Hauan, i same andedrag. «Syndarane og tiltalte» var plassert på bakerste benk, knebla for deltaking – altså sett i gapestokken. YDMYKELSE på det mest avanserte nivå, berre piskinga mangla. Så kjem altså kommuneoverlegens kronikk i Frøya.no eit par dagar etterpå, der heile greia blir redusert til individuell moral og oppførsel. Ikkje nok med det, men så sanneleg får ordføraren «ordet» i Dagsrevyen same dag. Igjen, det er så eg ikkje trur det!

Å lære seg å handtere interessekonflikter som helsepersonell er ingen søndagsskole. Mine vel 40 år i helsearbeid, starta for alvor på Jernerket i Mo i Rana på 70-talet, i Bedriftshelsetjenesten. Der fekk eg lære meg å SJÅ med faglege erkjenningar. Eigar og Klubben var om lag jamnbyrdige i styrke, noko det blei harde kampar utav innanfor makt og motmakt, men vel og merke, på redeleg vis. Den som prøvde seg på ureint trav, blei «arrestert», og ingen måtte stå med lua i handa. Så vidt eg minnest, var ikkje avmakt eit merkbart fenomen og heller ikkje eit tema. Tydelege interessekampar i ryddige former altså.

No, i Frøya-saka, ser eg interessekampen har ureint trav, fordi TE stiller med ein manipulator, sin kommunikasjonsdirektør, som har regien i kulissene. Det er overtydeleg, og dessverre veldig skadeleg og viktig å avsløre. Det er uakseptabelt å sleppe unna med løgner og unnlatelser. Sjøl om dei ramma er dyktige til å ta igjen, fortelle om kva som skjer, er det virkeleg uhørt og utåleleg at manipuleringa får halde fram. DETTE skulle eg yngst at kommuneoverlegen ser og tar tak i. Det er helsearbeid på eit høgt fagleg nivå.

Eg har ikkje noko nytt å koma med, for innlegga og kommentarane frå Frøya-aksjonistane dekker både natur- og konfliktperspektivet. Helserisikoen også, både no i anleggsperioden og scenarier viss turbinene virkeleg blir monterte, noko som faktisk ikkje KAN skje. Innlegga og kommentarane er fyllestgjerande for deiras opplevingar, påkjenningar og bodskap. Dei når ut til mange titals tusen, truleg hundretusener, så eg med respekt og beundring støtter kamparbeidet og krysser fingrane for at dei tek vare på seg sjøl og kvarandre.

«Den som er våken ser. Den som er sensitiv kjenner det i margen. Den som sover må vekkes», si …

I tillegg vil eg poengtere at hadde NVE gjort jobben sin, og etterlevd norske lover og forskrifter, forutan internasjonale konvensjonar Norge er underlagt, ville aldri NVE gitt konsesjon til verken Frøya-anlegget eller andre vindkraftindustri her til lands. «Ulempene overstiger fordelene», ville blitt mantraet i staden for omvendt. Forskrift om konsekvensutredning, gir svaret.

Folkemakta er på banen, og den er ikkje til å spøke med, Fordi Fellesskap Fungerer.


Gunvor Slaatto