Meninger

SV takkar for tilliten!

Eli Crozier 

Meninger

Om du har førehandsstemt eller går til valgurna i helga med støtte til SV : Takk for tilliten!


SV er partiet på venstresida som har lang erfaring med å kjempe for rettferdig fordeling samtidig som vi er partiet for klimakamp og naturvern. Raudt og grønt!

I tillegg fremmer vi igjen det vi kallar tillitsreformen, dvs at vi stoler på at dei som arbeider i barnehagane, skulen, med pleie-og omsorg og kultur veit best korleis vi skal få best tjeneste for innbyggjarane våre. Og vi er overtydd om at velferdstjenestene blir best ivaretatt mht rettferdig fordeling og kvalitet for alle uansett privat økonomi med offentlig styring.


Vi har lokalpolitikarar som har stått på for Frøya og som kjenner kommunen godt og har erfaring i lokalpolitikken. Som til tross for at dei har vore aleine, eller kun to, i kommunestyret ,har markert seg og påvirka forslag til vedtak frå fleirtalet til det betre. Slikt tolmodig arbeid gir sjeldan oppslag i media.


I valgkamptider er det mykje som blir sagt og skrive. Også mange utspel og forslag til tiltak som viser at kunnskapen om organisasjonen og kva som er sett i gang allereie ikkje er kjent. Og vi erfarer at andre parti adopterer politikk som SV stod for også for 4 år sida. Til dømes skulemåltid og gratis SFO. Det viser vel at SV sin politikk står over tid !


Demokratiet er avhengig av at nokre er villige til å stille til valg. Våre folk er i «vanlege «jobbar, nokre i fleire jobbar, og engasjert utanom politikken i frivillig arbeid i grender og organisasjonar. Det set grenser mht å bruke tid på sosiale media og stand i arbeidstida. Og så er det ikkje vår stil å kome med populistiske utspel.


Men vi har ein politikk som det er verd å kjempe for!



Eli Crozier, styremedlem Frøya SV