Meninger

- Skjønner de kva eg skriv?

Meninger

Førveka vedtok kommunestyret at målforma i nye Hitra kommune skal vera bokmål; det skal ikkje vera ein målnøytral kommune, slik både Hitra og Snillfjord har vore til no.

Som nynorskbrukar i Hitra kommune er det sjølvsagt leitt å høyre, men det er ikkje sjølve avgjersla som skremmer meg – det er argumentasjonen åt rådmannen.

Mellom anna seier rådmann Laila Eide Hjertø at administrasjonen ikkje kan nynorsk godt nok til å skjønna eit nynorsk brev; «Hvorfor skal man risikere å misforstå offentlige dokumenter på grunn av at man mottar informasjonen på en målform man ikke behersker til fulle» skreiv ho.

Det er klårt som blekk at Hjertø ikkje har mykje tiltru til dei tilsette i administrasjonen – berre det er ei alvorleg sak. Til Hitra-Frøya legg ho til at «det er jo det [bokmål] vi bruker i denne kommunen». Her verkar det som ho ikkje ein gong vedkjenner at det finst nynorskbrukarar på Hitra.


 

Mellom dei som støtta overgangen til bokmål var Eldbjørg Broholm (Ap), som peikar på at det ikkje er «vanlig for oss å svare på nynorsk». Broholm seier at Hitra kommune til no har vore pålagd å svara på den målforma dei tek imot brev på; det er rein, skjær løgn.

I Mållova §6 står det svart på kvitt at dette kravet berre gjeld statlege organ, ikkje kommunar eller fylkeskommunar. Hitra kommune har altså aldri vore pålagd å svara nokon på nynorsk – målforma kommunen vel, gjeld berre kva målform dei statlege organa skal nytte når dei skriv til kommunen.

Om det verkeleg er slik at dei i administrasjonen ikkje kan nynorsk godt nok til å skjønna eit brev som er skrive på nynorsk, har dei eit problem dei ikkje kan løyse med å vedta bokmål som målform i kommunen. Dei skal nemleg kunna nynorsk godt nok til å skjønna det.


Tilløp til språkdebatt da Hitra valgte ny målform

Nynorsk, bokmål eller nøytral?

 

Eg er ein nynorskbrukar som er trugande til å ta kontakt med kommunen min, og da kjem eg til å gjera det på nynorsk. Om dei i administrasjonen da ikkje skjønner kva eg skriv, er dei faktisk ikkje kvalifiserte til å jobbe i ein kommuneadministrasjon.

I det fall lyt ein til med nynorskopplæring i kommunen, og for å heve kompetansen i nynorsk er det berre sunt om dei tilsette kjem i møte med målet dagleg. Just derfor meiner eg at det å gå frå nøytral til bokmål er eit steg i heilt galen retning.

Og ettersom vedtekta heilt klårt er tufta på ei feiltolking av Mållova, vil eg til og med påstå at det ikkje er ei legitim vedtekt – og at kommunestyret lyt ta stilling til spørsmålet på nytt, med Mållova §6 klårt føre seg.

Steinar Voldsund Fjeldvær