- Livet og tida er vanskeleg no, men dei gode frøa har og spireevne!

Jorun B. Foss 

Meninger

Leste for litt sidan ein reportasje frå Myanmar. Av journalist Erik Veum. Om systematisk voldtekt som ledd i krigføring av minoritetar. Sterkt. Og forferdeleg vondt. For å øydelegge menneske, familiar, samfunn innafrå. Vil tru dei klarer det med eit slikt våpen. Menneskefornedringa vil ingen ende ta. Vi har høyrt det før. Fra Kongo og andre land. Det er til å miste motet av. Men vi må uansett aldri miste trua på det gode mellom oss!

I vårt eige land har det og skjedd mykje vondt og vanskeleg i det siste. Utanom koronan. Jordskred og snøskred. Brann og drukning. Trafikkulykker. Vi blir så små og hjelpelause. Akkurat det kan kanskje være litt greitt innimellom. For vi har rett og slett ikkje oversikten over alt livet møter oss med. Vi er flinke i kartlegging og planlegging, Men likevel.

Det er lett å tenke, som mange også gjer, at korleis kan Gud være god når det ser ut slik omkring oss? Eg har ikkje svar, men trur fortsatt på ein Gud som vil både meg og resten av skaparverket vel. For eg klarer ikkje å tru at det er Gud som står bakom det stygge vi menneska gjer mot kvarandre. Både det synlege og usynlege. Slik eg oppfattar det, har vi ein vilje kvar og ein av oss. Eg synes det blir for enkelt å gi Gud skylda for ulykker, sykdom og død. Vi lever tross alt i denne verda og den har så langt vi kjenner bakover, aldri vore fullkommen. Men det tenker eg, at Gud tåler godt at vi raser mot han når noko rammer oss. Kven skulle ellers ta imot fortvilelsen og skriket vårt? Gud tåler det.

For meg er det slik at eg sukker til Gud når ulykker, vondskap og sykdom strømmer på. Kven andre skal eg sukke til? Eg treng og ein ventil i møte med all vond informasjon.

Så tenker eg: Tida er overmoden for å så godhetsfrø med ekstra høg spireevne! Det står for meg at det er svært nødvendig for ikkje å ramle i gjørma av tung tristheit. Kanskje ska eg ha som mål å gjere eitt positivt framstøt overfor nokon kvar dag? Kva som helst berre det tjener til det beste for nokon! Legg eg lista for høgt, blir eg mismodig om det glepp. I tillegg trur eg på at ein dag skal det gode sigre. Eg trur på ein Gud som har det siste ordet i tilværet. Den dagen alle ting blir nye. Alle ting. Det er tru, og bygger ikkje på det fornufta seier meg om verda sin tilstand. Ei trassig tru som går imot alle synlege fornuftige teikn. Vi blir mint om det ved gravkanten og: «Av jord er du komen. Til jord skal du bli. (så langt er det greit) Av jorda skal du igjen oppstå» Det er verre. Men ikkje for Gud. Derfor syng eg frimodig og trassig vidare:

«Deilig er jorden, prektig er Guds himmel, skjønn er sjelenes pilgrimsgang! Gjennom de fagre riker på jorden går vi til paradis med sang» Og vidare - «Englene sang den først for markens hyrder; skjønt fra sjel til sjel det lød: Fred over jorden, mennesket fryd deg! Oss er en evig Frelser født!»

Jorun Børset Foss