Tankar ved utklippsbunken…

- For meg var det sterkt, rørande, sårt, vondt og godt å lytte til

Jorun Børset Foss  Foto: Privat

Meninger


I denne nedstengttida sitt eg her og blar i utklipp av ulikt slag. Ein pensjonist som meg kan gjere slike ting. Store mengder å ta av. Særlig reportasjar der menneskemøter blir formidla på ein måte som berikar lesaren.

Liv Ullmann er av dei store for meg. Som dyktig skodespelar, ja, men ikkje minst som menneske har ho rørt ved meg. Sjølv har ho sagt at privatpersonen Liv er slett ikkje den same som skodespelaren Liv Ullmann. I 2011 fekk eg den udelte gleda å oppleve henne i samtale med biskop Tor Singsås i ein fullstappa Nidarosdom 30. juli. Så kort tid etter den voldsomme tragiske hendinga i landet vårt.

For lenge sia hadde eg plotta ut dagen og tidspunktet for denne opplevinga. Stilte meg i køen så tidlig som lovlig var. Men det var mange der før meg likevel. Fann ein ledig plass ved ei søyle. Kunne faktisk reise meg opp innimellom for å sjå godt! 3 stolar var satt fram. Der satt dei, to aldrande menneske. Samtaletemaet var livet. Levd liv. Liv Ullmann snart 80 år. Biskop Tor Singsås langt opp i 70åra. Ei sterk reise fekk vi være med på. Kva for erfaringar formar oss til den vi blir? Barndom og oppvekst, kva gjer det med våre livsvalg? Kva med å være kjendis i ein mannsalder?

For meg var det sterkt, rørande, sårt, vondt og godt å lytte til. Og absolutt gjenkjenneleg! Ei oppleving av dei store. Enkelt, nært og ærleg. Tid og rom var omkring oss alle. Vi skulle ingen ting anna enn å være der. Så lenge stunda varte. Heldigvis varte den! Være i samtalen om levd liv i Guds store rom. Lytte og kjenne på eige levd liv.

Den tredje stolen var der for Arve Tellefsen. Oppvaksen saman med Liv Ullman i Trondheim. Mange felles opplevingar frå ein by svært annsles enn no. Med sitt gode grep om fiolinen, gjorde han høgdeopplevinga enda meir heil. Tre menneske på kvar sin stol. Samtale og musikk. I Nidaros domkirke. 30. juli 2011. Og rommet var fullt av lyttandes øra og sinn. Eg fekk god bruk for lommetørkledet!

I denne utklipsbunken min, finn eg mange perler. Ei til får bli med denne gongen. Den handlar om salmar som kan «åpne skriftene» for oss. Salmar har eg vokse opp med. Mor song stort sett heile dagen. Der har eg arva noko! To av mine gamle tanter satt gjerne på fjellet og song sin takk og glede over livet og skaparverket. Den gongen smilte vi litt av slik oppførsel. No er eg der sjølv. Tar gjerne fram salmeboka og syng til rein glede og oppbyggels for meg sjølv. Særleg påskedag må eg finne ein plass i friluft der eg kan juble ut gleda over forsoninga, livet og nåden som alltid er sterkast! Tross alt. «Å salige stund utan like, han lever, han lever ennu!» Av dei store i vår tid som klarer å knyte saman livet og teologien, er Eivind Skeie. Han hjelper oss å halde håpet fast i vanskelege tider. At verkeligheita alltid er større enn vi gjerne trur og tenker. Den største sanninga om livet vårt, fangar vi ikkje her i tida. I bunken finn eg ein salme av E. Skeie «Du så meg, Gud»

«Du så meg, Gud, du vevet meg av drøm og kjærlighet. I moderskjødets dyp en gang jeg svevet i det store rom av din barmhjertighet.

Jeg priser deg. Du virket meg. Forferdelig og stor er gjerningen du gjorde da du formet meg i mørke, i min mor.

Du ser meg, Gud. Jeg sover lik et foster, mykt og lett. Jeg hviler i din nådes blikk når øyet mitt har lukket seg og døden tar sin rett.

Jeg skal bli jord og vind og støv når kroppen engang dør. Og jordens mørke skjuler meg, mens du, min skaper, skuer meg, slik du har sett meg før.

Du ser meg, Gud, du vever meg av drøm og jord og sang, slik at min ødelagte kropp i Sønnens bilde kan stå opp og prise deg engang.

Du elsker meg! Du former meg igjennom kors og død. Og på den første, nye dag da skal jeg springe fri og glad av gravens moderskjød!»

Jorun B. Foss