- Om uro og sakn og ein gammel bestefar

Jorun Børset Foss 

Meninger

Kvifor kjenner eg på ei uro og litt sår følelse innimellom? Eller, kvifor skulle eg ikkje kjenne på det? Er vi ærlege med oss sjølve, er det kanskje fleire enn eg som kjenner at dette siste året har gjort noko med oss. På mange vis. Vanskeleg å sette ord på kva det er.

For eg har da alt eg treng. Ingen økonomiske problem. Får lønna frå NAV utan å gjere det minste grann. Har meir enn nok mat. Butikkane har enda meir. Klede har eg og meir enn nok av. Dei fleste plagga er av gammel årgang. Ser over innimellom kva som ligg/heng i kleskapet. Akkederer med meg sjølv: «Jorun, her er det fleire plagg du bør ha frå deg no! Gi det til Fretex til opphakking! Ja, den jakken ja, men dei andre tre, dem er grei å ha. Enn de buksan og skjørta der, dem kjem du aldri te å bruk, det veit du! Ja men, enn om..» Det merkelege er, eller kanskje er det ikkje rart? at kleda eg liker godt, dei blir utslitne etter kvart. Ja, ja, men eg har da vokse opp med at klede er noko ein bøter. Så det går bra.

Her dukkar det opp i meg eit indre bilde av ein gammel bestefar, født i 1875. Kom fra Surnadal til garden Grøset på Rindalsskogen våren 1905. Morfaren min. Han kom dit med kone og to små ungar. Seinare skulle barneflokken vekse til ti. Han var snikkar og treskjærar. Og bonde. Mest treskjærar. Satt ofte ved høvlebenken i «polerverkstedet» sitt. Navnet seier at det var eit rom der møblar vart lima og polerte. Innelufta bar sterkt preg av det. Ei lukt vi ungane lika godt å puste inn. Ingen hadde høyrt ordet løysemiddel. Heller ikkje bestefar. Derfor var dette arbeidsrommet. Til langt opp i 90åra hans. Her vart det skore ut fine roser og slynger til det som skulle bli dør i eit hjørneskap, lokk på syskrin, mønster på sofa og stolrygg. Eg lika godt å sjå på han når han arbeidde. Han sa lite til oss ungane. Konsentrert om sitt. Vi såg og var fornøgd med det. Kanskje fann han eit ullåt kamferdrops i ei skuffe i «limskapet» sitt om ei stund?

Kvifor kjem bestefar fram no? Han var så utruleg frå ei anna tid! Sjølv kjenner eg og mykje slektskap med det som var. Eg veit da at alderen kan gjere ein slik. Vi får dragning og lengsel mot røtene våre. Både godt og sårt. I den nostalgien overser vi sjølsagt det meste av det som var tungt og problematisk. Ok da.

I minnet ser eg for meg jakkeermane til bestefar der han satt i verkstedet og skar ut dekorasjonar. Dei var heilt tjukke av påsydde bøter! Gnaging fra høvelbenken over år gjorde sitt. Men å kaste klede?

Kva har minna om bestefar å gjere med halvtristheita mi som trenger seg på iblandt? Kanskje sakn etter noko som var? Som vi veit aldri kjem att? Eller handlar det og om noko eg saknar i denne tida? Ja, for eg har merka sakn denne tida. Særleg åndeleg/sosialt fellesskap. Dette å være del av den heilage alminnelige kyrkja. Fellesskapet. Være fleire i same rommet. Synge. Lytte. Være med i liturgi. Dele nattverd. God prat ved kaffen. Eg saknar å være med i ein samanheng der levande, alminnelige feilande menneske er saman både under bøn og Guds velsigning. Dette ufullkomne fellesskapet gjer meg rikare som menneske kjenner eg.

Ved påsketider sendte TV reprise frå salmeboka time for time. Opptak frå Vår Frue kyrkje i Trondheim advent 2014. Det var ei stor oppleving no å få være i dette på nytt. Lytte til kor, solistar, og ikkje minst den glade allsangen! Det heile var så levande! Folk kom og gikk. Satt og stod tett. Da tenkte eg: Dette er før koronatida ja. Den gongen det var lov å synge saman. Mange! Er det det eg saknar? Det vanlege, enkle, allminnelege livet?

Merkeleg. For eg har da kjent det som oppriktig godt med denne «pausen» der ingenting har skjedd. Uteliv har vi kunna hatt. Natur har eg rett utafor døra, hytte i Rindalen og eit uteområde her som alltid kallar på meg. Altså midt i dette som eg saknar, har eg ytre sett alt eg treng! Det kan tyde på at livet mitt treng noko som eg i denne tida har fått for lite av..

Påska har heldigvis vore her og lagt att ei viktig melding til meg i år og: Påminning om at Gud og eg er forsona. Tross alt. Gud leitar ikkje etter ei sterk tru hos meg, men om eg treng at han ser i nåde til meg? Jau, eg treng det! Da påskedagen opprann, var det eit faktum at døden og dødskreftene var overvunne! Ikkje slik å forstå at døden er borte fra liva våre, slett ikkje, men vi har fått eit håp om at den levande og oppstadne Kristus faktisk kan være nær i dagane våre. Slik dei ser ut. Midt i vår fortviling og tap. Han som etter påskedag går inn gjennom dører som er stengte, han ser både tap og sårheit som kan være innestengt hos meg og andre. Påskedagen står der og er håpet om ei anna verkeligheit bakom alt synleg.



Vi blir alltid overraska over måten Jesus møter menneske på. Etter påskedagen, fortel ev Joh. i kap 21 om eit møte mellom Jesus og den tidlegare sjølvgode, men no sundbrotne Peter. Jesus møter faktisk Peter sitt store svik med kjærleik og nye sjansar. Langt unna det forventa. Derfor velg eg og å tru at mine svik og manglar blir møtt med kjærleik og tilgjeving! Ein bodskap livet mitt treng å halde seg fast i. Frå påska av kan eg fritt sjå både meg sjølv og andre med tilgjeving og nåde i blikket. No ser eg fram til at Gudshusa våre opnast og at vi på nytt får delta i fellesskapet. I tillegg har mi aller vakraste årstid komme : Våren!

Jorun B. Foss