Geitstøa

Meninger

På sørsida av Hemnskjela, mellom Knubben og Heggen og nederst i Olabaken finst ein markant lokalitet som frå gammalt av er kalt Geitstøa. Det er ein avsats med ei naturleg berghole rundt ti - femten meter over flomålet, ganske utilgjengeleg både frå sjø- og landsida, men likevel eit populært turmål, aleine eller saman med familie eller venner.

Namnet er sjølvforklarande og skriv seg frå den tida det var geitehald på Hemnskjela, lenge før krigen, ja, truleg for godt over hundre år sidan og enda lenger tilbake i tid. Utan at eg har undersøkt det, finst det sikkert arkiverte dokument som kan stadfeste dette, dokument kring gammal skattlegging, eigarskifte eller arveoppgjer der alt av verdi var registrert, også geiter.

Geiter tar seg fram over alt, også i Geitberga på innsida av Hemnskjela mot Fugløya, men når det var dårleg vêr, søkte dei ly i Geitstøa. Grunnordet stø eller sto er sjeldan brukt aleine som stadnamn, men er svært vanleg i samansett form. Ordet har både ei hokjønnsform og ei inkjekjønnsform; ei stø eller eit stø. Hokjønnsforma blir brukt om lokalitetar på land, vanlegvis med referanse til båtstøer, men også heile grendelag kan vere nemnt med «stø», for eksempel Gjengstøa i gamle og nye Heim kommune.

I vårt område er stø mest brukt i namn på fiskeplassar, og da er det inkjekjønnsforma som gjeld i ubestemt eller bestemt form: Nystø eller Nystøet. Da eg i si tid skreiv hovudoppgave om «Médnamn i Trondheimsleia», noterte eg 32 fiskeplassar med stø i namnet, uersstø eller storseistø mellom 50 og 100 famner djupe. Ordet «stø» kjem av verbet å stå, og eit stø er ein plass der fisken står; på land ein plass der husdyr samlar seg og står, som for eksempel i Geitstøa.

I fleire år har eg registrert (på Facebook, sjølvsagt) at det er lagt ut bilder frå turar til Geitstøa der namnet har blitt til «Geitstua». Det handlar om berre ein bokstav, ein ø som blir til ein u, men det endrar namnet totalt. Det har til og med vore plassert eit namneskilt på staden med «Geitstua». Det heile beror truleg på ei misforståing og ei feiltolking av namnet, men slike misforståingar har lett for å feste seg og fortrenge det opphavlege namnet slik tilfellet var med Jøsnøya som i fleire tiår blei skrive Jøstenøya før Språkrådet skar igjennom og vedtok Jøsnøya som offisielt namn, utan alternative skrivemåtar.

Nokon vil sikkert kalle dette pedantisk pirk og ein bagatell, men det handlar til sjuande og sist om den språklege kulturarven vi ber med oss gjennom generasjonar og som vi skal gi vidare til nye generasjonar. Språket endrar seg sjølvsagt over tid, men ikkje slik at ei stø blir til ei stue.

Oddmund Hagen