Vi har vore heldige og hatt ein kjøttmeisfamilie i fuglekassen vår i to år. I år førte dei fram to kull. Av det første kullet var ein unge død, viste det seg. I det andre kullet døde alle.

Da aktiviteten etter andre kullet var slutt, åpna vi kassen og tok ut reiret. Det var ein «kube» med sider på ca 10 cm. Nedre delen bestod av høy, og den øvre av ull og hår, med ei djup reirgrop i midten.

Når ungane no var ute, skulle reirgropa ha vore tom. Men det låg eit egg og to døde fugleungar i gropa, små, nakne og magre. Dette såg ikkje bra ut. Da vi bretta ut sidene på reirkuben, kom det til syne tre små nakne fugleungar til. Heile kullet såg ut til å ha dødd av svolt etter få dagar. Foreldra hadde ikkje greidd å skaffe mat til ungane.

Kjøttmeisen er insektetar, og mange har vel registrert at det har vorte mykje mindre insekt i lufta – merkeleg nok, ettersom plantelivet som insekta lever av, stort sett er det same, og dei fleste av oss har vel vorte meir forsiktige med å bruke insektsmiddel.

Men insektsdøden er tydeleg omfattande, og den gir seg utslag også i dyrelivet, vel særleg i fuglebestandane som lever av insekt, slik som kjøttmeisen.

Store endringar går no føre seg i naturen. Vi bør følgje betre med, og gjera det vi kan for å hindre tilbakegangen.

Jorun og Johan Foss, Svellingen