Med tanketårar i korona og påsketid.

Dagar på hytta i Rindalen. Heilt åleine. Hadde kryssa ut mandag 21. mars som reisedag heimafrå. Det skulle fortsette med nån soldaga, sa Yr. Det måtte utnyttast. Såg for meg kor fint det ville bli å gå på ski oppover vintervegen. Rekna med det var oppkjørt skuterveg. Alt stemte. Sekken var passe tung. Sa til meg sjølv før avreise: «No Jorun, ska du ta med berre det du treng til akkurat denne turen!»  - Ja da, ja da.

Tenkte aldri at koronaen villa bli med på høttur, men jau da! Natt til onsdag 23. kom det sterk frost i kroppen. Ekstra pledd og teppen vart plukka fram, men nei, frosten kom nok innafrå. Ok, praktisk at eg bur her åleine no da. Få opp varme i vedomn! Så må det berre gå sin gang. Ingen testeutstyr før laurdag, da ei søster skull kom.

Når eg har dagar på høtta åleine, brukes gjerne noko tid til lesing og lytting innover. Særlig på vinters tid, og særlig om noko bryt litt ekstra, som korona og gjer. Dei emosjonelle veggan blir ganske tynne da. Tanka og lesning om livet og alt slik det er, kan bli sterke. Notto R. Telle er ein forfattar eg sett stor pris på. Professor i teologi ved Universitetet i Oslo. I mange år har han hatt nærkontakt med Østens religiona. Denne gongen landa blikket mitt på boka «Ditt ansikt søker jeg». Kapitlet om «Den bortkomne Faderen – gudslengsler i vår tid» Her er fleire sterke eksempel på korleis vanskelege foreldreopplevingar i barndomen kan være med å hindre og forvrenge utvikling av eit trygt og sunt Gudsbilde i voksen alder. Av dei eksempla boka tek fram, var det særleg Arne Garborg sine tanka og opplevinga som rørte meg sterkt. Snørr og tåra. Garborg hadde nok ingen trygg og enkel oppvekst. Ein oppvakt eldstegut med 8 yngre søsken var meint å skulle ta over garden heime på Jæren. Dette vart etter kvart ein vanskeleg tanke ettersom faren utvikla eit sterkt tungsinn, med djupe religiøse grubleri. Ungguten Arne fekk eit sterkt behov for å kome seg ut og bort frå farshuset. Han var såra av livet der heime, så han måtte bort for å finne helsebot, seier Telle, og vidare «men fremdeles lengter han etter lys og mening bak sin formørkede barndoms religion».

Ja, Gud vart borte for Arne Garborg. I «Den burtkomne Faderen» seier han;  «Eg hadde livt som den burtkomne sonen og var som han komin i naud, men då eg som han søkte heim att, var faderen burte» Tragisk.

Det som rørte meg aller sterkast der eg satt på hytta med korona i kroppen og snøsludd omkring husnova, var dei orda Arne Garborg forma om tankane og lengselen sin i høve til det å finne attende til den Faderen som var blitt borte.

«Ein Gud? Kva skal me med Gud? Fordøme oss kan med sjølve. Men ein Menneskjeson, som kjende oss, og visste alt, og hadde det lækjande ord, og hjelp der dei andre berre hev domar og kalde augo; ein Menneskjeson – Å, at du ikkje lenger er på jordi»

Desse orda åpna slusene til alle mine tårekjelder. I stor sorg over Arne Garborg og alle som strever med å finne ein nådig Gud. Gråten reflekterte også ein stor takk over at denne Menneskjesonen ikkje er borte, men så nær som vi berre våger å tenke. «Ein Menneskjeson som kjende oss». Ja, er det ikkje det vi treng? Noen som kjenner oss innafrå, men likevel ikkje dømer oss. Men tilgir. Og gir oss å leva i forsoningsrommet. Fordi liva våre treng det. Gud elskar den som slett ikkje fortener det. Det er Guds og vårt store paradoks. Vanskeleg å fatte.

Påska er dette: Menneskjesonen til Garborg er ikkje borte. Han tok den børa som måtte til for å opne vegen og ta bort alle hinder mellom Gud og oss, slik at vi fritt får være det mennesket vi er. Vi kan gråte i strie strømmar over alt som er og ikkje er. I oss og omkring oss. Ja, men vi kan og takke og juble over alt som gir glede i dette livet. Og i tillegg får vi ta inn over oss håpet om eit liv som går ut over tida. Påska sin kristne bodskap rommer vår unnfallenheit, motstand, vennesvik, sløvheit, ja alt det vi kavar med og som bur i oss menneske. Langfredagen speglar også vår livskamp. Gud tok handa bort frå Menneskesonen den dagen. Skrifta seier meg, Gud gjer ikkje det oftare. Berre denne eine gongen for at eg/vi skal sleppe å oppleve det. Mørkemaktene vann den dagen. Ja, men på den tredje dagen snudde alt!  Når kan vi vente den tredje dagen, her kor urettferd, råskap og løgn rår? Vi veit ikkje det. Men vi må aldri gi fra oss trua på at den tredje dagen skal opprinne! Dagen da dødskreftene blir overvunne. Av livets Gud.

Minne fra Olavsfest olsok 2011. Sommaren da dødsmakter hadde herja i landet vårt.

Folket stod tett i Borggården. Stor stillheit. Skal ingen ønske festlyden velkommen? Ventinga føltes lang. Da! Trompeten til Ole Edvard Antonsen fekk håra i nakke og rygg til å reise seg! Sikkert på fleire enn meg. Ut i det vide, åpne sommarrommet med luft og katedral, lyfta tonane seg og nådde inn og fram til tåra og takk:

 «Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt»

 Velsigna påske!

Jorun Børset Foss