Julefest i Sletta kirke – 1992 og  2023.

Tankar fra ståsted med 30 års julefestoppleving i Sletta kirke.

Etter 2 år uten julefeiring i Slett-kirka, var det fint å oppleve julefesten 8. jan.  Fleire av oss som deltok i år, var også med på den første julefesten i nye Sletta kirke. Det var søndag 5. januar 1992, står det i dagboka mi. Altså 30 år sidan.

Festen 8. jan 2023, gav absolutt ei oppleving av å kjenne igjen innhold fra festen si første tid. I tillegg til kjent, tradisjonsrikt innhold, var det `og friske, levandes innslag fra menigheita sine barnekor, Solsikkan og Kidza. Brit Hestnes Vie skal ha stor takk for arbeidet med barnekora, også det å bygge opp eit trygt og aksepterande miljø der ungar får utfolde seg sunt og kreativt – i kirka. Så vi heier fram både Brit og barnekora!

Fleire av oss har enda litt husk bakover til 1990-talet, i julefesten sin barndom, da vi skulle bygge opp gode tradisjona for bruk av nykirka vår. Da var julefesten av dei  store fellessamlingan der folk møtte opp! Og songen ljoma! Det var fleire ringar omkring treet, heller ikkje uvanleg med ring langs sakristiet og opp midtgangen. Første julefesten var i 1992, da deltok 120 persona, seier dagboka. Seinare vart talet større. I 1993 var det 230, seier den opplysingsvillige dagboka.

Etter som åra gjekk, bygdes innhald og tradisjon opp omkring nykirka. Ved juleverksted, der barn og vaksne deltok, vart det laga pynt til treet, kanskje heng det ein engel der enda, frå den første tida? I tillegg laga vi figura til ei julekrybbe. Her vart det mange eksemplar av gjetera, vismenn, Jesusbarn, engla, Mariaer og Josef-figura. Men vi mangla ein solid stall. Gunnar Hvattum vart spurt om oppdraget. Ja, det skulle han prøve å hjelpe oss med. Slik vart det. Den stallen som stod i peisestua søndag 8.jan 2023, var laga av Gunnar Hvattum ca 1995.

1990 -talet var tiåret da vi framførte eit enkelt julespel. Både ungar og vaksne deltok etter kvart. I mi erindring var denne enkle framføringa av juleevangeliet, med sangar, tekster, litt teater og kostyma, noko av det vakraste eg har opplevd frå julefester i Slett-kirka. Har det med at heile framføringa flytta meg «heim» til min barndoms julefest som da var 30 - 40 år tidlegare? Kanskje. Sangen som førte oss inn i kirkerommet i julespelet si første tid, var og denne vakre pilgrimssangen som vi sang i år, «Nå vandrer fra hver en verdens krok i ånden frem».

Før jul i 2014 fekk Frøya menigheit ein storslått gave av Magnhild (Helmersen) og Harald Johansen. Ei julekrybbe, som absolutt ikkje var heimesnikra! Den er tvert imot kunstferdig forma i gips eller plast. Uttrykk og farge får fram både rolle og identitet hos aktørane. Foreløpig har denne krybba fått plass innafor alterringen, i julehøgtida. Som fleire av oss har tenkt, burde den vel ha ein plass der den kjem meir fram og blir lettare tilgjengeleg både for å studere nøye og å reflektere over?

«Hvattumstallen» har stått i kjellaren i Slett-kirka etter gaven i 2014. Eg har lengta etter å få denne enkle stallen tilbake i kirka. Så i år vart det slik! Den gamle stallen vart plassert i peisestua. Godt å sjå den der igjen. Med heimlaga figurar frå 1990talet. Og Brit si stjerne. Kanskje var det nokon på festen i år, som til og med hadde vore med på klipping/liming i stoff og papir for å lage ein engel eller ein vismann? I tilfelle er dette noko av det beste med tradisjon. Desse sorggode følelsan som rører oss på djupna. Åpnar dei rom i oss og spør oss etter kvar det vart av åra? livet? eg?

Julefesten i Sletta kirke må fortsatt bli eit godt samlingspunkt der generasjonar opplever meiningsfull tid saman. Der vi `og kan kjenne balansen mellom gammalt og nytt. Finnes det ein annan plass der den heilage alminneligheita får leve seg ut i dette å synge dei gamle slitesterke julesongan om barnet i krybba, stjerna som leda til målet, om moder som tenner alle lys? Julesongan fungerer best formidla omkring treet. Med håndtrykk, svette eller kalde, harde eller mjuke, vi lager ring og klappar, hoppar, bukker og neier omkring treet! Denne tradisjonen må vi ikkje la gli bort! Det er så alt for mange gode tradisjona som berre glir frå oss, om vi ikkje er på vakt.

Noko anna som er herleg med julefester, er å sjå ungar som er frie nok til å legge seg rett ned på golv og benker i Gudshuset!

Takk til alle som var med og gjorde julefesten 2023 til ei stund for gode minner, tradisjonsflyt og framtidshåp.

Triveleg var det å få helse på nypresten og!  Vi ønsker Josifovic Slavisa stort velkommen og ber om Guds velsigning over det viktige arbeidet han skal gå inn i her på Frøya.

Jorun Børset Foss