Virus og påske

- Kloden vår har pustevanskar

Jorun B. Foss 

Nyheter

Det vart ei ny tid for oss. Ja, ny tidsrekning å kalle. Før og etter Corona. Vi har høyrt om Spanska, Ebola, finanskrisa. Så vi veit vel egentlig at med ujamne mellomrom kan det skje ting som skaker verda. Slik sett kunne vi vel være førebudd på brå endringa. Men akkurat no?

Og at vi som har det så bra økonomisk og helsemessig, skulle komme opp i dette? Vi kan forstå at fattige land kan bli ramma, der helse og vern er en svært sårbar faktor. Men-Norge? Vi er nok fleire som i lang tid har tenkt og sagt, at den sterke økonomiske veksten i rike land kan umulig fortsette?



Kloden vår har pustevanskar

Det veit vi. Burde den legges i respirator? Livsførselen vår pøser ut alt for mykje CO2! Isbrear smeltar og havet stig. Trafikkmaskinar bygger ned jordbruksareal. I beste meining for næringsliv og økonomisk velstand? Alt for mange gårdsbruk legges ned i Norge! Er tida no inne for å tenke meir sjølforsyning av mat?

Eg er rett og slett spent på om denne tida kan gjere noko med prioriteringane våre. Tenk om det kunne veksa ut av dette ein dugnadsvilje til å ta jordas smerte og skrik på alvor. Kanskje til og med villigheit til å redusere forbruket vårt, til beste for oss sjølv og rettferda? Tenk om krisa kan hjelpe verda til fornya klimainnsats? Til ein grønare retning?



Naturen som egenverd treng vi å finne attende til

Skaperverket er den beste kilde til liv og fornying! Å gå tur i haggel og motvind, gjer godt! Frustrasjon og ubedne tanka kan blåse bort på turen! Den inaktive tida vi har no, kan kanskje opne rom i oss til noko vi har tapt eller glømt?

I januar hørte vi om eit virus som var oppdaga i Kina. Ikkje særlig farlig, fekk vi høyre, men smitta fort. Det kom gjerne frå eit marked med kjøp og salg av levende dyr? Ville dyr kan væra bærar av slike virus. Kvifor finnes kjøp og salg av ville dyr som har heime inni skogane? Blir det laga stoff av slike dyr, som til og med vi her i Norge kjøper?


Åpner samfunnet gradvis:

Dette skjer med skolene, frisørene og hytteforbudet

–Vi har nå sammen fått kontroll på viruset, derfor kan vi åpne opp samfunnet litt etter litt. Vi skal gjøre det sammen, kontrollert og over tid, sier statsminister Erna Solberg.


Bråbremsen vart trødd ned i mars!

Den fillerista samfunn, strukturar, sosial kontakt, økonomi, planer, arbeidsplassar, oppdrag og alt det andre vi kjenner. Fortsatt er vi der. Vi er visst ikkje ferdigrista på ei lang stund enda. Det trenger seg fram ei bøn i meg: Kyrie Eleison – Herre miskunne deg!

Midt i alt kjem påska oss i møte! For ei velsignels det er! Vårt Kyrierop blir møtt med forsoning og tilgjeving. Gud, den allmektige, Herre over himmel og jord, er ein Gud som har medynk med oss i vår vesaldom. Derfor vart Jesus sendt til denne jorda for å vise oss Guds allmakt, men mest av alt kjærleiken til alt som lever her!



Til og med er kjærleiken til oss menneska så unik at Jesus måtte ende livet sitt som ein fornedra fange!

Makta, urettferda, egoismen og Mammon tålte ikkje denne kjærleiken! For dei forstod ikkje at dei sjølve trong å bli smitta av dette jordiske Gudsnærværet, som Jesus var. Få han bort! Drep han! Lære-sveinane fatta heller ikkje kva som skulle skje i Jerusalem denne spesielle påska.

Eg skal bli korsfesta, sa Jesus til dei. For menneska si skuld. Det må aldri skje! sa Peter! Han, den sterke, hadde like lite sans for Guds rike som oss andre. Dei hadde ikkje oppfatta at Guds kjærleik måtte stadfestas ved død. At sigeren faktisk var i nederlaget! Siger i nederlag, er det noko for oss?


Formidler permitterte til samfunnskritiske jobber

NAV-kontorene prioriterer nå formidlingsoppgaver til samfunnskritiske funksjoner som helse, dagligvarehandel, renhold, transport, havbruk, jordbruk (matproduksjon).


Meining med liding og død?

Det skal ikkje eg ta på meg å seie noko om, men meininga med Jesu liding og død, er viktig for meg. Livet mitt treng forsoninga. Såpass kjenner eg meg sjølv.

Den tredje dagen skal eg stå opp! hadde Jesus sagt. Glømt det og. Jesus vart korsfesta på Golgata saman med 2 andre menn som hadde eit anna rulleblad enn han. Det står at Jesus vart forlatt av Gud der på korset. Går det an?

Var ikkje Gud glad i sonen sin? I Joh. 3.16, står det at Gud elska verda så høgt at han gav Sonen sin.. Gud var absolutt i situasjonen, men Jesus vart forlatt den gongen, for at ingen av oss andre som har levd, lever eller vil leve her på jorda, skal trenge å bli forlatt av Gud! Det er påska sitt enorme innhald!


Sendte ut 211 porsjoner med sjømatkasse på åtte timer

Til tross korona-stengt, gjør Ansnes Brygger suksess med sin sjømatkasse.


Jesu siger over døden, har alltid stadfesta Gudsnærværet over livet, og håp i møte med døden! Eit nærvær som gir fellesskap over alle slags grenser! Himmel og jord møttes både langfredag og påskedag! I nederlaget og oppstoda! Gud vil være nær i alt vårt liv! Han som er Herre over tid og rom, hører ordlause bønner og skrik også i ei koronatid.

«Å, Herre, møt oss på den vonde dagen. Vis oss din seier over mørkets makt. La oss få se deg der i påskehagen og finne evig liv, slik du har sagt.» Liv Nordhaug

Jorun Børset Foss