Leserinnlegg av Johan G. Foss

Etter møtet mellom Frøya, Hitra og Snillfjord 29. april gir eg meg ironien i vald enda ein gong.

På møtet vart det klart at Frøya hadde tatt til vettet og lagt bort utfluktene i aust og vest. Faktisk la dei seg på kne og fridde til Hitra!

Hitra-delegasjonen satt måpande, gnidde seg i auga og kleip seg i armen for å forvisse seg om at det ikkje var ein drøm. Kunne det no verkeleg bli forbrødring mellom øyane? Eller låg det noko under?

Ole Haugen og Eldbjørg Broholm kunne iallfall ikkje gi seg inn på noen forbrødring. Dei hadde operert høgt på banen og m.a. gjort sitt til å stoppe eit planlagt og heilt nødvendig IKT-samarbeidet mellom kommunane, så noen brå heilomvending var ikkje muleg.

Nei, Ole og Eldbjørg skulle sondere vidare, dei. Det må da vera med kommunar som ikkje vil ha noe med dei å gjera (Hemne) eller kommunar som dei ikkje eingong har samband med (Aure, Smøla og Fosen). Dei hadde ikkje fått med seg at ein kommune er ei form for lokalsamfunn, og ikkje ei samanslutning som sprikar i alle retningar.

Ole kom i skade for å argumentere for store kommunar på ein måte som sjølv ikkje Jan Tore Sanner har vågd seg inn på: Det er ikkje tilhørigheit og funksjonell «arrondering» av kommunane som betyr noko, nei, det er kjøttvekta! Hitra og Frøya blir for for lette, ja, sjølv med Snillfjord på laget blir det for smått.

Ole var heller ikkje overivrig på å legge vonde ting bak seg. Han gjorde ein flott retorisk salto med heilskru med å ta Kåre Willoch til vitne på at vi må ha historia med oss.

Gamle, gode Per Ervik ville også ha historia med seg. Han gifta seg ikkje med ei som hadde brote forlovelsen (Berit, jfr. Hemnskjel-erklæringa 2006). Og forresten så var han imot heile kommunereforma òg. Her er Pensjonistpartiet på line med Senterpartiet. Hadde Per Ervik og Bergljot Stokkan og Lars Hammerstad levd på Harald Hårfagres tid, så hadde Noreg enno ikkje vore samla til eitt rike.

Ole Haugen utførte stor argumentasjonskunst også da han vart pressa på kvifor han ikkje hadde gitt svar på brevet som Berit hadde sendt i vinter om at Frøya ønska eit sonderingsmøte med Hitra. Ole forklarte no at det ikkje var naturleg å svara så lenge han dreiv og sonderte med fleire andre! Høpp! Men forresten så hadde han svara òg. Det kunne ikkje Berit hugse. Ja, men han hugsa betre, han, enn ho!

Møtet nådde toppen i den avsluttande fasen, har eg latt meg fortelje, da dei drøfta om dei skulle møtast på nytt. Scenen kunne ha gått rett inn i Ansnesrevyen. Ole var tydeleg ikkje interessert. Jau, dei kunne da godt ha eit møte. Når skal vi ha det, da? Nei, det var ikkje så enkelt å finne ein dato, alle var jo så opptatt. Berit: Det hørest ikkje ut som du vil ha noe møte! Det hadde ikkje han sagt! Dei vart til slutt einige om 16. juni. Berit tilbau seg å vera vertskap. Ja, dei kunne berre legge møtet på Frøya for han. Kva dei skulle snakke om? Nei, dei måtte no berre sette opp ei saksliste.

Neste møte må filmast! Eg ser for meg å kontakte NRK med forslag om ein ny serie med sakte-TV: «Kommunereform på Hitra og Frøya minutt for minutt»!

Johan G Foss