Lokalavisa stilte alle partiene det samme spørsmålet: Hvordan vil folk på Hitra og Frøya merket at DITT parti får regjeringsmakt?

Her er det de svarte:

Ei stemme til SV i stortingsvalget vil auke sjansen for regjeringsskifte, dvs at noverande regjering ,med Erna Solberg som statsminister og poltikk med stor innflytelse frå Frp , går av.

SV vektlegg rettferd og klima.

Vi vil vere garantistar for:

Betydeleg auke i barnetrygda, som ledd i utjevningspolitikk.

Vern av sårbare og verdifulle områder som Lofoten,Vesterålen,Senja og Mørebankane. Fordi det er nødvendig å gå bort frå fossil brensel i større grad enn no om verda skal kunne løyse klimautfordringane. Og for å ta vare på fisken og andre framtidige utnyttbare ressursar i havet. Frøyværingane har til alle tider vore avhengig av ressursane i havet. Vern av havområder mht petroleumsvirksomhet , bærekraftig utnytting og sterkt fokus på miljøhensyn i oppdrettsnæringa vil vere avgjerande for oss i framtida.

Reduksjon av klimagassutslepp svarande til minst 3 mill tonn CO 2 ekvivalentar i løpet av komande 4-års periode . Fordi vi er nødt til å ta eit større nasjonalt ansvar på dette området. Partiprogrammet viser eksempel på korleis ein kan gjere dette, m.a. ved større satsing på kollektivtrafikk, auke andelen el-bilar og elektrifisering av skipsfarten. Som også vil forutsette styrking av forskning og teknologiutvikling og gi nye oppgåver og arbeidsplassar til verftsindustrien på kysten.

Nasjonal norm for lærarar i skolen, på skolenivå, ikkje kommunenivå. Dvs maks 15 elevar pr lærar frå 1.-4.trinn og maks 20 elevar pr lærar frå 5.-10.trinn. Dette er i trå med dei faglige råda frå dei som arbeider i skulen. Meir tid til kvar elev er grunnleggande for å skape ein betre skole.

Styrka offentleg velferd. Dvs at vi styrkar kommunane økonomisk mht å gi god omsorg til alle. Grunnleggande velferd er fellesskapets oppgåve. Vi vil avgrense kommersielle aktørar sin mulighet til å ta ut profitt. Skatten skal kome innbyggarane til gode og velferdstjenester skal vere rettferdig fordelt.

Støtte et internasjonalt forbod mot atomvåpen.

Dette er hovudkrava for samarbeid med andre parti om regjeringsmakt.

Andre området som SV allereie har hatt innflytelse på og vil fortsette å arbeide med, og som har stor betydning lokalt, er fiskeripolitikk. SV var pådriver når stortingsfleirtalet stoppa fiskeriminister Per Sandberg sitt forsøk på liberalisering i vår.

SV vil grunnlovsfeste at dei viltlevande marine ressursane tilhøyrer fellesskapet og skal kome kystsamfunna til gode. Vi foreslår «heimfallsmodellen», dvs at kvotene som er blitt tildelt trålarane, gradvis ,over ein 20 års periode, flyttes tilbake til kystsamfunna. Dette vil stimulere til kraftig rekruttering av unge dei neste 20 år.

SV har fått fleirtal på Stortinget for å innføre ei fast avgift til kommunane for bruk av sjøområda til oppdrett, dvs ei ressursavgift på 25 øre pr kilo produsert fisk. Eit eksempel på politikken vår om at fellesskapets ressursar skal tilfalle innbyggarane i kommunen.

Vi stiller krav til teknologiutvikling i oppdrettsnæringa for å ivareta miljøhensyn.

Og vi krev tiltak for rydde opp i og forebygge marin forsøpling.

Eli Crozier, leder Frøya SV