Dette leserinnlegget er signert Johan G. Foss:

Kommunesamanslåingshumor

Trur du kommunereform er kjedeleg? Tru om igjen! Her i øyregionen er kommunereformen den reine farsen. Politikaren i meg synest dette er svært trist, men humoristen kosar seg, og han deler gjerne gleda med andre.

Oppsiktsvekkande kreativitet er vist når det gjeld forslag til samanslåingar, og standpunkta og logikken har gått på kryss og tvers. Dei to ordførarane våre, Ole Haugen og Berit Flåmo, må finne seg i å vera gravitasjonssentra for ironien, som foråpentleg er avslørande, men ikkje ondsinna.

Ingen av dei to er interesserte i kommunereformen i og for seg. For Ole er kommunesamanslåing berre interessant dersom det kan resultere i at Fillan blir sentrum i ein ny og større kommune. Det same gjeld for Berit med tanke på Sistranda.

Dette er så utgangspunktet for eit herleg taktisk spel, som vi har kunna nyte.

[M]

Ole Haugen har argumentert for ein stor, «slagkraftig» kystkommune av sju kommunar, der det mentale grunnlaget ikkje er at alle kjenner alle, men at ingen kjenner noen! Det dreier seg om ein kommunekonstruksjon utan kommunikasjon mellom dei ulike delane! Men Ole føreset at det kjem ferjesamband både Hitra–Aure og Hitra–Smøla. Da vil Fillan ha gode odds! I Ole Haugens univers er det altså ikkje noe argument mot samanslåing at kommunane ikkje har samband seg imellom, tvert imot, det blir eit argument for! Storkommunen må også gjerne utvidast både sørover og nordover, berre Hitra blir i midten.

I Berit Flåmos univers er koplingane enda friere. Der treng ikkje dei samanslåtte kommunane eingong ligge i nærleiken av kvarandre. Frøya kan utmerket godt slå seg saman med Bjugn og Ørlandet, ja, med Trondheim, der Berit har gode forbindelser, eller med Åfjorden, der ho òg har ei venninne. I utgangspunktet var alle konstellasjonar mulege, berre ikkje Hitra.

Når Fylkesmannen no har bedt kommunane legge bort det mest kreative tankespinnet, har Hitra lagt seg på ei 4-kommuneløysing med Frøya, Snillfjord og Hemne, og med Hitra i sentrum.

Frøya har også slått om, og skifta både taktikk og logikk. No er det ikkje lenger likegyldig kor langt kommunane ligg frå kvarandre. Dette er ei ny innsikt som vi må helse velkommen med stor glede! Men så ER det er ikkje noen innsikt, det er ein strategi!

Målsettinga for Frøya er som sagt å få kommunesentret på Sistranda. Om DET ikkje skulle lykkast, så er det iallfall eit ufråvikeleg krav at senteret ikkje skal ligge på Fillan! Dersom berre dei to kommunane Frøya og Hitra slår seg saman, har Sistranda brukbare odds, og Frøya kan slåss for Sistranda til siste stund. Men dersom fleire kommunar kjem med – Snillfjord, Hemne – så er det slaget tapt. Det må ikkje skje! I dei tidlegare strategiane søkte Frøya febrilsk etter partnarar for å omgå Hitra. No er Hitra den eneste dei vil ha!

Ole på Hitra er litt skuffa over at Frøya ikkje ønsker å vera med i 4-kommunen, men elles tar han det heile med ro. Han veit at vegen for Frøya går over Hitra. Han kan fortsette å jobbe for samanslåing med Snillfjord og Hemne. Blir dei tre kommunane einige, og ønsker dei å ha Frøya med, kan Jan Tore Sanner tvinge Frøya inn i den nye kommunen, som Ole reknar med vil få sentrum i Fillan.

Men – Ole har eit lite problem, han òg. Frøya har eit lite kort i bakhand. Dersom Hitra, Snillfjord og Hemne skal forhandle om kommunesamanslåing utan at Frøya er med, er det ikkje gitt at kommunesenteret kjem i Fillan! Hemne vil stå hardt på at senteret skal vera DER. Det var jo Hemne-ordføraren som lanserte tanken om ein stor kystkommune, med Hemne i sentrum – den ideen som Ole kuppa med ferjesambanda sine! Ole Haugen risikerer at forhandlingene med Snillfjord og Hemne endar med at kommunesenteret blir lagt til Krokstadøra!

Ole Haugen treng derfor Berit Flåmo for å sikre at kommunesenteret kjem på Fillan. Men der forreknar han seg. Berit vil tusen gonger heller ha senteret på Krokstadøra enn på Fillan!

Så slik er stoda. Og slik går no dagan.

Johan G Foss