Det finnest mange Avløyser i skjærgarden rundt Frøya og Hitra. For å nemne nokre: Bogøyavløysa (ved Sauøya), Olavløysa og Brøttingsavløysa (mellom Bogøya og Mausund), Torvholmavløysa (ved Dragnessundet), Bukkholmavløysa og Gavvel-avløysa (ved Leirvika), Buøyavløysa (nordom Vågøya), Svenskavløysa (utafor Kvernøya), Avløysan (ved Nordskaget), Hestavløysa (ved Bremneset), Avløysholman (ved Inntian), Avløysskjæra (i Kvenværet). Dialektuttalen er Avlessa.

Namnet brukes mest om øyer og skjær som ligg nære land, ei øy eller ein holme. Avløysa betyr løyst frå landet eller noko som er skilt ifrå.

Avløysene har ofte bratte, høge berg på sida mot land eller mot naboøya, mens dei skrår slakt ned mot havflata på den andre sida. Det kan sjå ut som om eit stykke av landet eller øya er skore vertikalt rett av og dregi utover. Ofte kan det vera ein trong og grunn val mellom Avløysa og landet, øya eller holmen dei synes skilt ifrå.

Bildet viser Avløysøya på sørlege Frøya, mellom Bekken og Fillingsneset. Vi ser den karakteristiske bratte skjæringa som vender inn mot landet og den grunne valen i mellom.

Avløysøya har gitt namn til Avlesskajet, ca. 2.5 km frå Hallarkirka. Her var det ein gong stor aktivitet: Samvirkelagsbutikk, fiskemottak og krabbfabrikk. På 50-talet var det også brevhus her. Avløysa brevhus eksisterte frå desember 1955 til juli 1958. Posten vart sendt med bipostrute Storhallaren - Titran og landpostbudrute Storhallaren - Fillingsnes. I denne tida var det stor fiskeriaktivitet i området, og det krevde effektive posttenester. Datostempelet til Avløysa brevhus er eit såkalla ”torings stempel med åpen stjerne”, og for filatelistar er dette svært sjeldant og verdifullt. Samvirkelaget og krabbfabrikken vart nedlagd på 1980-talet. Marine Harvest brukte ei tid kaianlegget som landbase for lokaliteten Krutøya.

Men i dag er det stille på Avlesskajet