Avslutninga av ein kommunestyreperiode er ei anledning for oppsummering, ettertanke og litt høgtid. På det avsluttande møtet i Frøya kommunestyre for perioden 2011–2015 den 15. oktober fann ein av represantantane det på sin plass å servere ein «på kanten-vits». Den gjekk ut på at eit barnebarn spurte bestemora kva som var årsaka til at bestefaren døde. Bestemor svarte at han døde medan dei hadde ei hyrdestund søndag førermiddag medan kirkeklokka ringte. Klokka gav dei ein så fin og rolig rytme. Dei hadde ei fin stund, fortalte bestemora, «hadde det ikkje vore for den helvetes isbilen».

Vitsen var tenkt som eit krydder, men vart ei forsøpling. Vitsen var av den typen som det går tretten av på dusinet, og den hadde ingen ting med avslutninga av ein kommunestyreperiode å gjera. Den var malplassert, den tilførte ikkje noe positivt, men bidrog til avsporing og forsimpling.

Det er nærliggande å sjå på det som hendte som ein bagatell og ein tankelaus glipp. Men liknande ting har vi opplevd før, så hendinga må nok sjåast meir som symptom enn som eit hendeleg uhell. Her er noen andre symptomatiske eksempel.

• I perioden 2003–2007 drog eg i gang ein stafett med korte kulturelle innslag i kommunestyret på Frøya. Eg såg for meg mange små gullkorn, dikt, Frøya-historier osv. Men stafetten glei ned i underbuksa.

• I den påfølgjande perioden utmerka ordføraren seg med å servere grov underbuksehumor, også i festtalar. Han kalte det «på kanten-vitsar», men historiene gjekk langt utafor kanten og ned i skiten. Det grovaste eksemplet eg hørte, var på ein felles samankomst for kommunestyra på Frøya og Hitra på DalPro vinteren 2011.

• Ein tidlegare varaordførar dreiv og konstruerte forteljingar som hadde basis i verkelege hendingar, men som han utbroderte i humoriskisk retning. Humoren toppa seg i anale og genitale høgdepunkt. Kroneksemplet var ei forteljing om eit julebord på kommunen, der ei bederva ertersuppe forårsaka akutt diaré og oppkast. Forteljinga inneheldt detaljskildringar av skit og spy, av folk som stod i dokø og ikkje greidde å halde igjen avføringa (ein såg skiten rann ned låra og leggene inni strømpebuksa på damene), og spelemannen sovna under ein stor potteplante bada i sitt eige spy. Som om dette ikkje var nok, set forfattaren krona på verket ved å la hovudpersonen ha time hos legen dagen etter, og medan legen undersøker bakenden hans (rektum), eksploderer restane av ertersuppa i tarmkanalen og sender ein styrtning av blautskit i fjeset på legen og ut i rommet. Maken til utstudert orgie i analhumor skal du leite lenge etter.

• Dette åndsproduktet vart ein braksuksess på Frøya. Forfattaren vart hyra inn for å fortelje historia i det eine forumet etter det andre, til stormande jubel. Sjølv folk som du skulle forvente litt kritisk sans hos, «flira så dem holdt på å dett-ned tå stolen».

Mange fleire eksempel kunne nemnast, også enda grovare, men dette får vera nok, meir enn nok. Inntrykket eksempla gir, er at underbuksehumor i ulike variantar utgjer toppen av åndsliv på Frøya. Let du ein kulturell stafett gå fritt, så hamnar han garantert i underbuksa. Skal du sette ein åndfull spiss på ein tale, så hentar du noe frå underlivet eller frå «på kanten».

Eg vil understreke at eg ikkje har eit vondt ord å seie om underbukser. Underlivet er eit herleg område å befatte seg med. Men ikkje alle stader. Ikkje heile tida. Om noen kjem dragande med ein standard underbuksevits i eit kommunestyre, så vitnar det ikkje berre om smakløyse og respektløyse, men om åndløyse. Eg håpar vi blir spart for slike opp-levingar for ettertida.

Det hender at elevar frå kulturskolen opptrer for kommunestyret. Dette blir symboltunge opptredenar dersom underbuksehumor eigentleg er den kulturytringa kommunestyret set høgast. Det er behov for at kulturskolen da tar kommunestyret i skole og lærer dei litt om kva kultur og dannelse er.

Johan G Foss