Denne gongen tenkte eg å skrive eit seriøst innlegg om kommunereforma i øyregionen, men det gjekk ikkje. Ironien tok over. Det er ikkje lett å stagge ironien når ordførarane ikkje eingong veit forskjell på samarbeid og samanslåing. I det taktiske spelet har det vore lansert ville konstellasjonar som ikkje har noe med samanslåing å gjera, knapt nok med samarbeid, medan det naturlege og sjølvsagte alternativet her i øyregionen, Hitra + Frøya, har dei prøvd å omgå, av kvar sine grunnar, for å utmanøvrere kvarandre.

No er jo ikkje ordførarane åleine til å produsere komikk i denne saka, begge har gode hjelparar. Det bør også nemnast at det har vore ordførarar før òg som ikkje har kunna snakke saman. I førre periode var det Hans Stølan og Ole Haugen, no er det Berit Flåmo – og Ole Haugen.

Etter havariet med Hemnskjel-erklæringa i 2006 vart det oppretta eit uformelt samarbeidsforum mellom dei to kommunane, for å prøve å hindre at dei heile tida rauk i synet på kvarandre. Dette forumet har dei klokeleg latt ligge nede – når dei ikkje veit å snakke saman. Samarbeidsforum? Ein skal da ikkje samarbeide, ein skal overgå, utmanøvrere og parkere kvarandre!

I det siste har det botnlause samarbeidet vorte sett på prøve gjennom konsesjonsavgiftene frå dei grøne oppdrettskonsesjonane. Frøya «hoppa av» ein fordelingsavtale mellom fleire kystkommunar da det vart klart at det fall fleire konsesjonar på Frøya. Frøya kunne håve inn 24 mill kr ved å ta heile potten og sjå bort ifrå avtalen. Ingen av konsesjonane fall på Hitra.

Ole Haugen vart både overraska og opprørt over manøveren til Frøya. Hadde han vore i Berit Flåmo sin stad, ville han ha fordelt pengane, han, ja! Han ville ha vore kar for å sette eigeninteressen til side og stå fast på solidariteten. No kunngjorde han at Frøya nok måtte pårekne omkostningar ved denne manøveren. Den felles IKT-løysinga for dei to kommunane som var klar til vedtak og gjennomføring, vart det naturleg å utsette, «i påvente av kommunereforma». Dette var nøyaktig same straffa som vart tildelt i 2006, berre med ny og oppdatert grunngiving.

No planlegg dei eit møte mellom formannskapa i dei to kommunane. Det skal bli leven, ja! Vi hører dei for oss:

– «Det er di skyld!»

– «Nei, det var du som begynte!»

– «Næ-hei, det var du!»

– «Det var det ikkje! Det er du som er skyld i alle samarbeidsproblema! Vi har ikkje gjort noe som har skada samarbeidet, vi!»

– «Har du ikkje det? Du ergrar deg over alt vi får til, du, og gler deg når vi mislykkast!»

– «Det gjer du òg!»

– «Vi er iallfall for kommunereform, vi, berre kommunesenteret hamnar i rett kommune!»

– «Det er vi òg!»

Her kan det ligge an til fleire gilde episodar!

Av Johan G Foss

Ps: Siste nytt er at Hemne kommunestyre har gjort vedtak om å orientere seg mot Snillfjord, Halsa og Aure. Vil dei verkeleg ikkje ha Ole Haugen og Berit Flåmo med på laget?