Våre stedsnavn

Sallatskjæra har vori omtala i lokalavisa fleire gongar den siste tida i samanheng med plassering av oppdrettsmerdar. Sallatskjæra ligg nordom Mausund og er ei gruppe med skjær: Sør Sallatskjæret, Nord Sallatskjæret og Vester Sallatskjæret.

Når vi i dag hører namnet Sallatskjæra, vil mange undre seg på om det veks ei form for salat på desse knausane uti havet.

Men opphavet til namnet har nok ikkje noko med planteriket å gjera. Vi må over i dyreriket for å finne forklaringa. På gamalnorsk har grunnordet sannsynlegvis vori sel-låtr. Låtr betyr liggeplass for dyr, og sel-låtr blir da ein plass der selen ligg.

Uttalen av sel-låtr har gjennom tidene så gått over til sallat. Og da forstår vi korfor rettskrivingsforma er Sallatskjæra - med dobbel l.

Seljakt har vori svært viktig for kystfolket opp gjennom tidene. Funn frå steinalderen viser at dei første folka som budde langs kysten, nytta heile dyret. Selkjøttet gav næringsrike protein og spekket var rikt på energi og omega-3. Skinn, sener og knoklar vart brukt til klede og reiskap. Steinkobben før ungar på land, og desse fangstplassane var så viktige at dei fekk eigne namn. Lenger aust, i retning Gjæsingen, finn vi Sallatholmen og Sallatholmskjæret.

Inspirert av det asiatiske kjøkkenet, har vi i det siste begynt å ete havalgar – tang, tare og andre vekstar. Frøya vgs. arbeider mykje med å bruke sjøplantar i matlaginga, og skolen arrangerte for ei stund sia kokkesamling med fokus på dette. Der deltok også gourmetkokkar frå dei beste restaurantane i byen for å utvikle nye rettar med tang og tare.

Ein vanleg grønnalge langs kysten vår er havsalat (Ulva lactuca) med irrgrøne, små, tynne blad. Den veks som oftast nedst i fjæra og kan etast rå, koka eller tørka. Havsalaten er ikkje så næringsrik som selkjøttet, men definitivt enklare å få tak i, og kan vera eit innslag av dei ”fem om dagen”. Kven veit, om denne kosthaldstrenden fortsett, så kanskje vi finn Salatskjæret på kartet om nokre år