MENINGER:

Eg tenkte ikkje å ironisere meir over kommunereforma i øyregionen. Eg kunne jo øydelegge for prosessen. Men det er tydelegvis ingen fare: med det mannskapet som no sit ved roret, blir det inga reform. Det er hakk i plata, dei trør i same spora og kjem ikkje vidare. Så da kan vi med godt samvit gi oss ironien og vellysta i vald.

Berit Flåmo og Ole Haugen er partifeller (Ap), men dei strevar med å greie å snakke saman – sjølv om Ole høglytt forsikrar om det motsette. Begge ser dei det som si hovudoppgåve å utmanøvrere den andre. Ingen av dei har noe til overs for kommunereforma. Ap sat med regjeringsmakt i 8 år utan å få gjort noe, fordi Sp sat og blokkerte. Så kjem Høgre og Frp til makta, og vips, så er kommunereforma der. Om Berit og Ole kan bidra til å torpedere denne forargelege H/Frp-reforma, så gjer dei det gjerne. Einaste nytten dei ser i reforma, er om ho kan resultere i at deira eige kommunesenter blir sentrum i ein ny og større kommune.

Ole på Hitra er fylt av hellig harme over umoralen på Frøya. Frøyværingane hoppa av Hemnskjel-erklæringa i 2006, og dei hoppa av avtalen om konsesjonsavgiftene frå dei grøne oppdrettskonsesjonane i 2014. Frøyværingane er ikkje til å lite på. Du må ha dobbel sikring og ryggdekning når du har noko med dei å gjera!

St. Ole er ikkje berre ein harming, han er også ein luring. Idéen til Hemne-ordføraren om ein stor 7-kommunars kystkommune, den kuppa Ole elegant med å opprette ferjesamband mellom Hitra og Aure og Hitra og Smøla, og dermed plassere Hitra og ikkje Hemne i sentrum.

I vinter sende Berit brev til Ole om at Frøya ønska samtale om muleg samanslåing. Dette var etter at Berit hadde innsett at ho ikkje lenger kunne sondere med alle kommunar i alle himmelretningar – berre ikkje med Hitra. Men skulle dei sondere med Hitra, så måtte ikkje Snillfjord eller noen andre blandast inn, berre Hitra og Frøya. Berit hadde folk nok rundt seg som meinte at om dei berre fekk Hitra på tomannshand, skulle dei nok greie å utmanøvrere og parkere hitterværingane og sikre kommunesenteret til Sistranda.

Ole, luringen, svara ikkje på det brevet. Han kuppa heile opplegget, han! Han set seg i førarsetet og inviterer Frøya og – nettopp – Snillfjord til samtalar om kommunesamanslåing. Når Snillfjord er med, kjem Hitra i sentrum, og Berit kan sjå langt etter kommunesenteret. Møtet skal haldast 29. april. Det er gode utsikter til at det ender i polsk riksdag allereie ved godkjenning av innkallinga: «Kvifor i all verda er Snillfjord her?!».

Berit har no i all stillheit gått bort ifrå den stolte planen om å slå saman Frøya og Trondheim til éin kommune. Men ho held fast på strategien med Fosen-kommunane. Dette er ein avansert og utspekulert strategi som ho har pønska ut saman med varaordføraren, Martin Nilsen, og som dei kjenner seg trygge for at hitterværingane ikkje vil klare å gjennomskue. Berit og Martin gir – tilsynelatande – opp kravet om at kommunesenteret skal ligge i kystbyen Sistranda. Dei aksepterer at kommunesenteret blir lagt til Brekstad, eller Botngården, ja, kvar som helst – berre det det ikkje kjem i Fillan! Når Ole Haugen skjønner at dei meiner alvor med Fosen, og at han risikerer å bli sett utafor, skal du sjå han blir audmjuk! Da tek han nok rev i segla og bautar seg utover til kystbyen, ja!

Også andre har gitt herlege syn på kommunereforma til kjenne. Lars Hammerstad (Sp) meiner at reforma er eit knep frå høgresida for å sentralisere landet, redusere sjølråderetten, knekke lokaldemokratiet og avfolke distrikta. Han ser med lengsel fram til å kunne gjenopprette dei fire gamle kommunane på Hitra. Hammerstad og Senterpartiet er jo ikkje ukjent med at det sidan kommunereforma i 1964 har skjedd den eine revolusjonen etter den andre, både innan kommunesektoren og når det gjeld kommunikasjonar (samferdsel så vel som informasjonsteknologi). Men med herleg krølltopp-logikk slær dei fast at dette ikkje tilseier samanslåing av kommunar, men heller oppsplitting!

Så sånn går no dagan.

Johan G Foss