«FRAVÆR SIDEN STEINALDEREN»

står det å lesa på framsida av lokalavisa Hitra-Frøya tirsdag 19. mars. Inne i avisa står ein liten artikkel om spor etter bever på Hitra, nærare bestemt i Laksåvik-området. I artikkelen står det at det er funne spor etter bever i Hestneshola, men etter det tid – trulig i yngre steinalder – har ingen - etter det avisa påstår – sett snurten av ein einaste bever på Hitra.

«Research» er eit vidunderlig ord på godt nynorsk. Det handlar om at det er lurt å gjera nokre undersøkingar før ein kjem med skråsikre påstandar. Ikkje minst skulle det gjelde journalistar. Her har avisa ikkje gjort ein imponerande innsats rundt beverens historie på Hitra. Synd, tykkjer eg.

For avisa tek feil. Vi har sikre spor etter bever på Hitra lenge etter steinalderen. Han var her i norrøn tid, på den tida som litt romslig og unøyaktig blir kalla «vikingtida». I ein artikkel i «Årbok for Fosen» frå 2012, skreiv språkforskaren Ola Stemshaug ein artikkel med tittelen «På leit etter beveren i Fosen». Ola var gut som kunne dette med «research», og han fortel om dei to små tjønnene som ligg mellom Terningsvatnet og Stikdalsvatnet på Hitra: Dei heiter Bjørtjønnen (bestemt form fleirtal). Det norrøne ordet for bever var bjórr, og Stemshaug fortel oss at det har fått forma bjør i mange stadnamn. Somme stader i landet kallar dei framleis beveren for bjor eller bjør.

Sporet etter bever i namnet på Bjørtjønnen er minst like sikkert som beinrestane i Hestneshola. Ingen veit jo om Hestnes-beveren eigentlig var hitterværing. Men beveren som ga namn til dei to Bjørtjønnene, han heldt til her på Hitra, og ikkje berre det: Han og heile familien hans plaska rundt her kanskje 2000 år etter steinalderen.

Stadnamna våre er ein skatt. Dei fortel oss historie så det står etter. Det skal berre litt «research» til.

Men elles var artikkelen i Hitra-Frøya bra, den.

Svein Bertil Sæther