Meninger

- Heltar og pøblar i skogen?

- Norges Skogeierforbund hoppar i sitt innlegg elegant bukk over utfordringane ved framande artar og korleis dei kan påverke resten av naturen negativt
Meninger

Viss ein vil ha sanninga om grana på Vestlandet, kan ein då stole på ein næringsorganisasjon som seier "Uten plantet granskog hadde det i praksis ikke vært grunnlag for å drive og utvikle skogbruket i disse delene av landet"? Viss grana er løysinga på klimaproblema, kvifor melder ikkje alle miljøorganisasjonane seg til teneste for å plante gran?

Hans Asbjørn Kårstad Sørlie i Norges Skogeierforbund hoppar i sitt innlegg elegant bukk over utfordringane ved framande artar og korleis dei kan påverke resten av naturen negativt. Dei dramatiske konsekvensane som mange framande arter påfører natur er ikkje noko vi som miljøorganisasjonar finner på, dette er det stor semje om blant forskarar og styresmakter, både i Noreg og internasjonalt.

Avdøde professor i botanikk, Knut Fægri ved UiB, brukte omgrepet «pøbelgran» om framand gran på Vestlandet, og såg tidleg dei store negative økologiske konsekvensane. Det er ein skilnad om grana kjem seg til Vestlandet langsamt på eiga hand, eller om vi menneske hjelp til. Når det skjer på naturleg vis, følgjer også ein del andre artar med.

Viss vi planter gran langt utanfor området grana kan spreie seg til, så må vi rekne med at det blir ein del krøll for følgjeartane. At nokon påstår at til dømes sitkagran ikkje spreiar seg og fører til attgroing av landskapet, samt fortrenger andre arter, vitnar om kunnskapsløyse.



Framande arter er ein av dei fem store drivkreftene bak tap av natur globalt, og i Noreg forårsakar framande arter fleire milliardar i kostnader for samfunnet årleg. Hadde me klart å halde granplantasjane inngjerda, hadde biletet sett annleis ut, men ei stor utfordring er at grantreas avkom rømmer. Styresmaktene jobbar mange stader for å fjerne framande artar, inkludert utanlandske gran-artar. Det er viktig arbeid som miljøorganisasjonane også bidreg til – gjennom pøbelgrandugnadar, kunnskapsinnhenting og informasjonsarbeid.

Plantasjeskog. Foto: Øystein Folden 

 

Å seie at grana er komne til alle fylka er snedig, når det i fleire fylke er tale om at grana akkurat har kome seg over fylkesgrensa og meir enn 90 % av fylket ligg utanfor området med naturleg gran. Då må gran karakteriserast som framand i det meste av området. Og at framande arter er ei utfordring for heimleg natur er det ingen tvil om. Det er få biologar som jublar for sitkagran, brunskogsnegler, stillehavsøsters, lupinar, kjempebjørnekjeks eller lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Ingen vil kalle dette ei forbetring sjølv om dei framande artane sjølve på eitt vis kan seiast å «auka» det biologiske mangfaldet, sidan dei samstundes reduserer dei artane som finns der frå før. Sørlie peiker på at man bør være «oppmerksom på» dei negative konsekvensane, men vi ser ingen teikn i innlegget til at dette skal få nokre konsekvensar.

God naturforvaltning handlar om å ta vare på økosystema, naturleg tilhøyrande artar og prosessane som finns der og la dette få utvikle seg fritt. Artsfattige naturtypar har også eigenverdi og representerer eit mangfald.

Planter ein granskog på Vestlandet, så er det noko vestlandsnatur som blir borte samtidig – og den totale klimaeffekten er komplisert å rekne på og omdiskutert. Viss heile Noreg blir som ein granskog på Austlandet, har vi missa mykje naturmangfald. Miljøorganisasjonane har ingen endringsangst, men vi vil la den naturlege utviklinga gå si gang framfor sjølv bidra til spreiing av framande arter. Skal vi stogge naturtapet treng vi tiltak som betrar, ikkje forverrar, tilhøvet i skogen.

Arnodd Håpnes,

fagleiar naturmangfald,

Naturvernforbundet

Even Woldstad Hanssen,

seniorrådgjevar, Sabima

Sverre Lundemo,

seniorrådgjevar, WWF Verdens naturfond