MENINGER

Sivilisasjonssamanbrot minutt for minutt

Johan G Foss 

Meninger

For sju år sidan hadde eg eit par bidrag i denne avisa om sivilisasjonssamanbrot. Eg skreiv på grunnlag av ein amerikansk modellstudie av store samfunnssamanbrot. Gjennom tidene har det vore mange slike, og mange er godt dokumenterte. Fleire av samanbrota er stupbratte og spektakulære.

Grunn til uro

Studien framheva to forhold som ser ut til å ha spela ei sentral rolle ved alle kjente samfunnskollapsar, nemleg overutnytting av ressursar og aukande lagdeling i samfunnet. Det første er ikkje overraskande, men at aukande skilnad på fattig og rik er ein drivar for samanbrot, er vel ein litt uvanleg tanke. Men noko av forklaringa, meinte forskarane, låg i at når elitane lever fjernt frå massane, merkar dei mindre til krisene som nærmar seg, f.eks i matforsyninga. Det gjer at mottiltak ikkje blir sett inn, eller kjem for seint. Den romerske overklassa heldt fram med å feste medan Roma brann.

Det gir grunn til uro at både overutnytting av naturressursar og aukandre lagdeling er påtrengande fenomen også i vår tid.

Samanbrots-klassikarane

Dei to klassikarane i studiet av sivilisasjonars vekst og fall er den tyske filosofen Oswald Spengler, med verket «Untergang des Abendlandes» (aftenlandets, dvs. Vestens undergang), 1918–22, og særleg den britiske historikaren Arnold Toynbee, som behandla temaet svært grundig i 12-bindsverket «A Study of History», 1934–61. Spenglers analysar må i stor grad seiast å vera avlegse, men Toynbees er framleis aktuelle.

Skildringane hans av sivilisasjonar i oppløysing speglar i stor grad eit postmoderne samfunn. Til forskjell frå Marx oppfatta Toynbee historia som forma av åndelege krefter, ikkje av økonomiske. Samanbrot skjer vanlegvis ved at sivilisasjonane begår kulturelt sjølvmord.

Sivilisasjonssamanbrot «live»

Dei siste fire åra har eg tenkt at vi no faktisk kan studere eit slikt sivilisatorisk sjølvmord på nært hald, «minutt for minutt». Det gjeld verdas fremste nasjon, som i fire år har hatt ein folkevalt leiar, Donald Trump, som er framand for sivilisasjon og ikkje eig anstendigheit. Han skulle gjera landet «stort» igjen, men kva slags storheit kan eit usivilisert og uanstendig menneske skapa?

Det alvorlegaste er at mannen ikkje har noe forhold til sannheita. Det som er til fordel for han, er sant, uansett kor uriktig det er, og det som ikkje tener han, er usant, uansett kor rett det er.

Men ekte kommunikasjon bryt saman om ikkje sanningskravet ligg i botnen. Tenkj over korleis ein samtale blir om du heile vegen møter påstandar som du ikkje kan lite på! Samtalen blir meiningslaus. Det som blir att, er maktkamp og rå eigeninteresse, eller leik, tull og fjas.

Samfunnsbygging og –nedbygging

Nasjonar driv samfunnsbygging. Men det krev ein samfunnsfellesskap der det rår stor grad av einigheit om grunnleggande mål, verdiar og verkeligheitsforståelse.

No ser vi at denne fellesskapen raknar. Samfunnet blir splitta, polarisert. Kommunikasjonen bryt saman. Løgnhistoriene og konspirasjonsteoriane overgår kvarandre i galskap. Viktige saker kan ikkje lenger diskuterast sakleg og sivilisert, det ender i verbal slåsskamp. Solidariteten når ikkje lenger enn til eiga nærgruppe, identitetsgruppe, pressgruppe. Gruppeinteressene overgår alle høgare felleshensyn. Samfunnets fellesinstitusjonar står for sentralisering og maktovergrep som må bekjempast. Da er det rett og riktig å bryte seg inn og gjera hærverk i nasjonalforsamlinga.

Det var ikkje Trump som fann opp løgna, men han har vore den fremste og mektigaste utøvaren. Dei fleste kan komma til å severe ei løgn, men alle blir ille berørt om dei blir tatt i løgn. Det blir ikkje Trump. I si stilling som verdas mektigaste mann har han normalisert løgna, gjort ho kvardagsleg. Konsekvensane er han ikkje i stand til å ofre ein tanke.

Det store spørsmålet er om skaden samfunnet er påført, kan helbredast – av ein sivilisert og anstendig etterfølgjar, eller om skaden er uoppretteleg og sivilisasjonssamanbrotet eit faktum. Det er ikkje lett å vera optimist.

Johan G Foss