Det er ikkje til å koma unna at når ein historikar skal fram med sine helgetankar, så hamnar ein attover i tida. Kom og bli med meg ein tur tilbake i historia, langt tilbake, mesta 250 år.

Men før vi reiser riktig så langt tilbake: Visste du at det ein gong stod to kjerker side om side i Fillan? Det vara ikkje lenge, høgst i to-tre månader, og den minste av dei var skral å sjå til, ikkje eit gudshus verdig. Sommaren 1789 stod den nye, flotte korskjerka i Fillan ferdig, i alle fall utvendig, og ved sida av stod den vesle «Vår Frelsers kirke», den første kjerka i Fillan. Ho vart ikkje tatt ned og flytta vekk før sist i oktober 1789.

Det er til «Vår Frelsers kirke» eg skal ta deg med her, og dagen er søndag 23.oktober 1774. Kjerka er lita og trekkfull. Ho er lappa i hop av materiale frå den gamle stavkjerka som stod i mange hundre år på Hestøya ved Ulvan, og så er det bygd til eit våpenhus og eit sakristi i kvar sin ende av kjerkebygget. Ulvkjerka vart plukka ned og flytta hit til Fillan i 1686, og no var ho snart moden for utskifting, stakkar.

Men det var ikkje håpet om ei ny kjerke folk snakka om da dei la til med båtane sine nede i Kjerkfjæra denne oktobersøndagen i 1774. Dei var nysgjerrige og ivrige – og somme var også litt bekymra. I dag skulle den nye soknepresten for første gong halde gudsteneste her i Fillan kjerke, ein danske. Dei fleste hadde verken hørt eller sett han før. Han var dei spente på. Men mange var bekymra for at det hadde gått fem veker sia sist det var gudsteneste her i Fillan. Den gamle loven bestemte at om det gjekk meir enn eitt år mellom kvar gong ein gjekk til alters, så kunne det vanke straff; enten open refs i kjerka eller pengebot. Trulig var det fleire av menigheita som no hadde kjerkas «kniv på strupen».

Da den nye soknepresten Peder Schvane Bang kom til kjerka denne søndagen, var det eit lurveleven som møtte han. Folk ropa og skreik og skubba til kvarandre. Dei trengte seg saman rundt den gamle klokkaren Erik Lund, som fortvila prøvde å roe gemytta. Kva var det som skjedde? Hadde folk aldeles mista vettet?

Dei roa seg litt da dei fekk sjå at presten kom. Han spurte klokkaren på kav dansk «hvad sker der?» Og klokkaren fortalte at han hadde ei liste med 90 nattverdsgjester, som hadde meldt seg på førehand. Men no kom det mange fleir, kanskje 100 til, som ville gå til alters i dag. Presten Bang rista på sitt danske hode. «Det lader sig desværre ikke gøre», sa han. Dei hadde brød berre til dei 90 som hadde registrert seg, og dessutan var det så mange forretningar som skulle skje i kjerka i dag, så presten ville ikkje ta imot fleire enn dei 90. Dei andre fekk melde seg på til neste preikesøndag.

Da starta bråket på nytt; verre enn før. Det hørtes ut «som om Fienden var i landet», skreiv presten seinare. Folk storma fram mot presten og klokkaren, og dei som hadde meldt seg til nattverd, vart halde tilbake med makt av dei andre. «Jeg, Klocheren, Medhjelperen og andre skikkelige Folk i Kirken bad, lockede, truede baade med Guds og Kongens Lov», fortalte presten, men ingen ting nytta. Folk hissa seg meir og meir opp. Det vart reine slåsskampen i kjerka. Da gjekk presten! I kappe og krage og kalotten på skallen marsjerte han ut døra og nedover sjøvegen mot skyssbåten.

Det vart stilt i kjerka. Folk stod som lamslegne. Gjekk han? Vart det verken preike eller altergang? Kva hadde dei gjort no? Nokre summa seg og sprang etter presten. Dei bad han tynt om å koma tilbake igjen. Og presten kom, godt fornøgd med sin eigen taktikk. Vi kan sjå for oss at det var mange bøygde hau nedover i kjerkestolane da presten på nytt stod i kordøra og såg utover menigheita. Men sokneprest Bang verken skjente eller hoverte. Eit lite notat i kjerkeboka viser at han i staden prøvde å unnskylde bråkmakarane: Dei var nysgjerrige på nypresten, og dei hadde vore utan gudsteneste så lenge.

Av kjerkeboka ser vi at tre barn vart døpte i Fillan kjerke denne søndagen, ei kjerkegangskone vart ført fram, eit par vart trulova og det var jordpåkasting ved grava til ei lita jente. Det var 90 menneske som gjekk til alters. Søndagen etter var det på nytt preike i Fillan kjerke. Da var det kapellan Ove Christian Broch som heldt tenesta, og denne søndagen søkte 195 menneske Herrens bord.

God helg!

Og om du, kjære lesar, minnes å ha vore frammi denne historia før, så har du kanskje lese ho i boka «Fillan kirke – to hundre år», som kom ut i 1989.

Fillan kirke 1979 Foto: Hitra historielag
Fillan kirke Foto: Venke Glørstad