Ja, spørsmålet er veldig relevant. Min lokalbank har nemleg stengt dørene for skranketenester, som så mange andre lokalbankar.

Det er for lite trafikk, seier banken. Bankfolk må ha meir interessante oppgåver enn å betjene skranken, seier dei, og. Og så tenkjer dei ikkje på at da blir ei stor gruppe menneske, over ein halv million i heile landet, utan banktenester! Det er mange som fortsatt ikkje er på det digitale nettet. Eldre menneske, ofte kvinner, ofte minstepensjonistar, har ikkje internett og kan ikkje betale rekningar i nettbank. Dei er heilt avhengige av familie som kan hjelpe dei, og enn om dei ikkje har det? Korleis skal dei da få betalt rekningane sine? Jo, ved å ringe banken og få til ein avtale, seier banken. For eldre folk er ikkje dette så enkelt heller. Dei kvier seg for å «forstyrre».

Eg skulle gjerne visst korleis banken tenkjer om å ha ei god og serviceinnstilt haldning overfor desse kundane? Kundar som har vore trufaste mot banken sin i alle sine år, desse har ikkje «shoppa» frå bank til bank for å få best mulege vilkår. Nei, dei har halde seg til sin bank! Enn om desse også kunne få oppleve den serviceinnstilte lokalbanken dei heile tida har stolt på og vore stolt av! Enn om dei kunne få nokre få timar ein dag i veka, der dei kunne få kome til skranken med sine rekningar og andre bankbehov. Meir treng dei ikkje.

Og får dei ikkje det, vil eg kalle det grov aldersdiskriminering!

Kan lokalbanken vere bekjent av det?

Mildrid Nesheim,

Styremedlem Pensjonistforbundet Trøndelag